Den første kampen mellom avdelingsvinnarane i sjuarserien for kvinner på Sunnmøre er flytta frå laurdag 17. oktober til torsdag 15. Kampen blir spelt på Hasundgot stadion.

Den andre sluttspelskampen er sett opp på Color Line Stadion onsdag 21. oktober.

Hasundgot vann ti av tolv kampar i serien denne sesongen og avslutta med ein såpass solid målskilnad som 80-23. Det blir likevel ei svært tøff utfordring for Hasundgot-damene når dei møter Guard. Laget frå Ålesund vann alle sine kampar denne sesongen og scora heile 166 mål på 12 kampar.