I helga vert eit nytt kapitel i Hødd handball skrive med seriestart for Hødd herrar i 4. divisjon. Berre i enkelte sesongar sidan slutten av 1970-talet, har handballgruppa hatt eit herrelag i klubben, skriv Hødd Handball i ei pressemelding.

Laurdag 17. oktober startar sesongen med bortekamp mot Ørsta 2 i Ørstahallen. Første heimekamp for laget frå Ulsteinvik kjem påfølgande helg mot Åndalsnes laurdag 24. oktober. Hovudtrenar Johnny Ulvan og lagleiar/hjelpetrenar Guri Margrethe Brevik fortel om ein motivert og positiv gjeng - som sjølv har sett opprykk som mål.

– Ein topp 3-plassering skal vere innan rekkevidde. Etter to oppkjøringskampar mot Ørsta og ein kamp mot Langevåg - begge 3. divisjonslag - viser laget gode taktar, seier Ulvan.

Laget er samansett av spelarar som tidlegare har vore i andre klubbar på Sunnmøre, nokre med erfaring frå høgre divisjonar. Troppen består no av 14 spelarar, men ein tek gjerne i mot fleire som vil vere med på moroa.

Stor aktivitet

Klubben har no større aktivitet enn på fleire tiår, med kring 180 aktive spelarar fordelt på 13 lag i ulike aldrar.

– Vi er ein klubb som veks, og er spesielt glade for at vi igjen kan gi eit tilbod på herresida, som ikkje har vore i Hødd på lang tid.  No håpar vi at lokalsamfunnet vil støtte laga våre på heimekampane i Ulsteinhallen, seier leiar Jarl Martin Møller i Hødd handball.

Hødd stiller også med to damelag i 4. divisjon i år, som allereie er i gong med sesongen. Begge spelar heimekamp søndag 18. oktober. Førstelaget spelar mot Åndalsnes, medan andrelaget tek i mot Midsund. Dagen før - laurdag. 17. oktober - spelar begge laga borte: Hødd 1 mot Bergsøy 2 og Hødd 2 mot Åndalsnes.