Det var nok eit noko uvanleg syn for publikum i målområdet på Bigset, då Marcus Vedeler kom springande i mål. Bergensaren, som har budd på Nordfjordeid dei siste elleve åra, har vore med i Snipsøyrvatnet Rundt to gonger tidlegare, men då med fottøy på.

- Det har med løpskjensla å gjere. Det er nok mange som tenkjer eg er gal, men det triggar meg til å bevisa at det faktisk er mogleg, seier Vedeler.

Les også: Nedregård blei bestemann igjen

Snipsøyrvatnet Rundt, eit av fleire arrangement under årets Hareidsstemna, trakk i år totalt 40 deltakarar. Dei fleste konkurrentane såg nok med undring på Marcus Vedeler før start.

- Eg spurde om han ikkje skulle ta på seg sko snart, for det var berre eitt minutt igjen til starten skulle gå, sa ein i sekreteriatet til Vikebladet Vestposten.

Krev mykje øving

Alle menneske gjekk berrføtt ein gong i tida, men dei siste tusen åra har ein jo blitt vande til å ta på seg skotøy om ein skulle gå frå heimen.

- Det er nettopp det. Det er ikkje ein så stor overgong skjønar du, men det krev øving, mykje øving. Ein kan ikkje berre kaste skoa og seie at ein skal springe maraton, seier Vedeler, som sjølv har delteke i halv-maraton berrføtt.

I eitt og eit halvt år har Marcus nytta minimalistiske sko, men etter kvart kasta han lik så godt dei også av seg. Han prøvde seg på heilt berrføtt, men det gjekk ikkje så bra første gongane.

- Nei, det gjekk heller dårleg. Eg fekk veldig vondt, fekk opne sår og stein drilla seg inn i såra. Så lærte eg ein ny teknikk, der eg ikkje løfta så mykje på beina. Då unngjekk eg å få så mykje støyt, og det samla seg ikkje så mykje stein under beina, fortel han.

- Det er nok mange som tenkjer eg er gal, men det triggar meg til å bevisa at det faktisk er mogleg, seier Vedeler, som sprang Snipsøyrvatnet Rundt berrføtt.