Ole Amund Sveen ser ut til å vere på veg til spel i neste års Tippeliga. Spelaren er på utgåande kontrakt i Hødd, og Sveen har tidlegare sagt at han ville sjå etter sesongen kva moglegheiter han hadde, og no ser det ut til at redølen forlet Hødd etter to sesongar i klubben.

Sogndal har vist interesse for Sveen, og etter det Vikebladet Vestposten kjenner til vart Sveen kontakta av Eirik Bakke berre kort tid etter at Hødd rauk ut av kvalifiseringa til Tippeligaen. Ifølgje Oppland Arbeiderblad skal det vere klubben frå nabofylket som blir Sveen sin neste arbeidsgjevar, og Sveen gjer i såfall det same som Victor Grodås og Robin Shroot gjorde etter 2014-sesongen.

Måndag vart det også klart at Hans-Erik Eriksen gir seg som trenar i Follo. Eriksen har vore i dialog med Hødd om den ledige stillinga som hovudtrenar, og har tidlegare uttalt at han ser på Hødd som ei interessant moglegheit. Når Eriksen no er ferdig i Follo, kan det tyde på at trenarspørsmålet i Hødd går mot ei løysing.