Søndag heldt Sparebanken Møre-leikane, som starta laurdag [link: http://www.vikebladet.no/sport/2015/11/28/God-tjuvstart-p%C3%A5-2016-sesongen-11863011.ece], fram i Ulsteinhallen.

Som i går, var det også mange springeøvingar på programmet, i tillegg til lengehopp, kulestøyting og høgrehopp.

Éin av dei mange deltakarane på leikane var Dimna-utøvaren Edvard Roppen, som konkurrerte i G11-klassa.

- Korleis du synest det har gått denne helga då, Edvard?

- Det har gått heilt fint. Eg har fått medalje i 60-meter, lengdehopp, 200-meter og kulestøyting. Det er veldig gøy å få medalje, seier ein godt nøgd 11-åring, som erkjenner at det har kosta litt krefter å samle så mange medaljar.

- No er eg veldig sliten! Det blir nok ein slitsam dag på skulen i morgon, flirar han.

Alt som smurt

Stemneleiar Arve Hatløy var ganske godt nøgd med arrangementet då lokalavisa snakka med han mot slutten av dag éin laurdag etter middag.

- Alt har gått slik som vi hadde planlagt det. Alt gar gått i rute og vi har hatt mange gode resultat, så det er vi er veldig godt nøgde så langt, stadfestar Hatløy.

Dei aller største namna som til dømes Karsten Warholm, Renate Grimstad og Henrik Overvåg var ikkje med på dette stemnet, noko Hatløy har full forståing for, sidan dette er i stor grade eit arrangement for dei yngre årsklassene.

- Dei eldste er midt inne i treningsperioden sin og har eksamenar å tenkje på akkurat no, så det er ikkje alle av dei som er klare til å konkurrere heilt enno. Dei får vi nok sjå i slutten av januar på stemna som vi har då - då er alle på plass, lovar Hatløy.

Lovande for vinteren

Hatløy kan opplyse om at i tillegg til dei lokale klubbane Dimna og Hareid, er stort sett heile vestlandet representert. Han seier at utøvarar frå Kristiansund i nord til Sogn og Fjordane og Bergen i sør har teke del i desse leikane.

Og sjølv om det allereie er veldig tidleg i oppkøyringa til 2016-sesongen, er Hatløy godt nøgd med resultata han har sett i Ulsteinhallen denne helga.

- Det har vore mange gode resultat og mange personlege rekordar - sjølv om det er heilt i starten av oppkøyringa til sesong. Så dette lovar veldig bra for resten av vinteren og innandørssesongen, slår han fast.