45 løparar trassa både skitver og julehandel og stilte laurdag til start i Grimstadvatnet Rundt. Deltakarane i denne andre runda av vinterløpskarusellen vart bokstavleg tala piska i mål av haglbygene som kom drivande i kraftige kast frå vest.

Veret var langt frå det beste då startskotet gjekk, og etter kvart vart det berre verre.

Då Olger Pedersen sprang over målstreken som første mann, hagla og bles det kraftig.

- Heldigvis hadde eg passert Kaldholen og var på tilbaketur då haglbygene sette inn, slik at eg fekk dei i ryggen, fortel Pedersen.

Olger Pedersen stakk også av med sigeren i den første runda i Grimstadvatnet Rundt den 7. november.  Då vart resultatet eit knapt minutt betre enn dei 28 minutta og 42 sekunda han brukte rundt vatnet denne gongen.

Martin Hauge Nilsen frå Kondis kom inn som nummer to, med tida 29,09, medan Lars Petter Bjørlykke frå Hareid vart tredjemann med 29,29.

Kjappaste kvinne var Ingrid Festø frå Gular/Volda løpelag som vart klokka inn på 32,09. Iselin Sundgot, Dimna IL, som elles vart raskast i kvinneklassen i den første runda av løpskarusellen med tida 34,53, kom inn som nummer to på 36,53. Tredjekvinne vart Fride Møller Flatin, også ho frå Dimna IL, med tida 38,38.

Resultat Grimstadvatnet Rundt - 2. løp