Tysdag denne veka arrangerer Sunnmøre Fotballkrets (SFK) møte der dei ønskjer å drøfte forslaget til nytt seriesystem og NFF sitt forslag til ny handlingsplan med klubbane.

På årets Fotballting skal det nemleg avgjerast om eit forslag om ny seriestruktur skal innførast frå 2017. I såfall vil det kunne ha store konsekvensar for klubbane frå 2.-divisjon og ned til dagens 4.-divisjon.

Framlegget går ut på å kutte frå fire til to avdelingar med 14 lag i 2.-divisjon, medan det blir seks avdelingar med 14 lag i 3.-divisjon. Dermed blir det slutt på Sunnmørsavdelinga i 4.-divisjon, og truleg heller ei avdeling for heile fylket.

Under møtet på Color Line Stadion vil SFK informere om konsekvensane av det nye strukturforslaget.