Hødd møtte i dag Brattvåg til treningskamp på Color Line Stadion. Det skulle vise seg å verte ei sjarmøretappe for Hans Erik Eriksen sitt mannskap. Hødd tok kommandoen frå start av, og allereie etter seks minutt sette Robin Shroot inn 1-0, då passerte to Brattvåg-spelarar og sette ballen sikkert i mål. Etter 20 minutt dobla same mann leiinga, då han hamra inn eit innlegg frå Bendik Torset på heil volley. Berre tre minutt seinare sette Joachim Magnussen inn 3-0 etter ei korrekt idømt straffe, før eit sjølvmål sørga for 4-0 etter 23 minutt spel. Fem minutt før pause sette Joachim Magnussen inn 5-0, som også var resultatet ved halvspelt kamp.

Ved pause gjorde Hødd ei rekkje byter, og både Michael Karlsen, Torbjørn Kallevåg, Jesper Törnquist og Eirik Ulland Andersen var på plass frå avspark i andre omgang. Brattvåg starta best, men klarte ikkje å spele seg til noko meir enn halvsjansar. 5-0 stod seg til om lag 62 minutt spelt. Nysignerte Didrik Sereba dribla seg vakkert fri på høgresida og slo eit presist innlegg mot Ulland Andersen, som banka inn 6-0. Same mann var frampå berre tre minutt seinare, etter nok eit fint angrep av Hødd. Karlsen spelte fri Heltne, som vidare spelte Ulland Andersen fri på ope mål. Dermed 7-0 på Color Line Stadion.

15 minutt før slutt fekk fjorårets toppscorar setje inn sitt mål nummer tre, då Øystein Vestvatn var usjølvisk åleine med keeper, og spelte ballen til Ulland Andersen, som enkelt kunne trille inn 8-0. Dermed vart det eit tøft tap for eit nyopprykka Brattvåg-lag. Hødd viste ved fleire høve fine kombinasjonar offensivt, der spesielt Sereba, Shroot og Ulland Andersen var livlige. I tillegg var midtbaneduoen Fredrik Sjølstad og Øystein Vestvatn solide framfor eit forsvar som ikkje fekk dei største utfordringane, men som samstundes tok det som kom. Utover i kampen fekk også keeper Sivert Pieroth, og forsvararane Martin Mork Breivik og Audun Øvrelid kome inn.

- Bra potensiale i laget

Hødd-trenar Hans Erik Eriksen var naturleg nok godt nøgd med prestasjonen Hødd leverte på Color Line Stadion:

- Vi møter eit bra Brattvåg-lag, noko dei viste over fleire kampar i fjor. Det er derfor ein god prestasjon av oss å slå dette laget med så god margin. Kampen sklei litt ut mot slutten, men dei første 70-75 minutta er vi flinke til å identifisere når rommet framfor oss er tilstrekkelig å angripe i.

Den nybakte Hødd-trenaren ser at han har fleire valmoglegheiter offensivt: -Der er det mange om beinet, så vi har mange strengar å spele på i den siste tredjedelen av spelet, og det er gøy at både med tanke på relasjonar og individuelt så sat det veldig for dei offensive spelarane i denne kampen, sa Hans Erik Eriksen.

- God trening i måten vi ønskjer å spele på

Tremålsscorar Eirik Ulland Andersen var godt nøgd med samarbeidet med dei nye offensive spelarane: - Vi kjem til å bruke tida no før sesongen godt for å få til å spele slik vi vil, men ein kan sjå at det er gode spelarar vi har henta. Denne kampen var god trening i måten vi ønskjer å spele på, med ballen i laget og rytmeforandringar, sa Andersen etter kampslutt. På spørsmål om spelestilen til Eriksen, svarar han følgjande: -Eg føler den passar meg godt, samtidig som den også passar dei vi har fått inn. Det er ein gøy måte å spele på.

KAMPFAKTA

Treningskamp 13. februar 2016

Hødd - Brattvåg 8-0 (5-0)

Color Line stadion

Dommar: Even Myrheim, Emblem

MÅL: 1-0 Robin Shroot (6), 2-0 Shroot (18), 3-0 Joachim Magnussen (str, 22), 4-0 Oliver Ekroth (sm, 30), 5-0 Magnussen (38), 6-0 Eirik Ulland Andersen (63), 7-0 Andersen (66), Andersen (74)

HØDD: Jan-Lennart Urke (Sivert Pieroth, 72) - Bendik Torset, «Ygg» (Audun Øvrelid, 72), Steffen Moltu (Jesper Törnqvist, 46), Vegard Heltne (Martin Mork Breivik, 72) - Fredrik Sjølstad, Øystein Vestvatn - Magnus Myklebust (Eirik Ulland Andersen, 46), Robin Shroot (Torbjørn Kallevåg, 46), Didrik Sereba - Joachim Magnussen (Michael Karlsen, 46).

Eirik Ulland Andersen gjorde det skarpt då han kom inn frå benken etter pause, og scora eit ekte hat-trick på berre elleve minutt.