Cupsmellen borte mot Brattvåg i midtveka hadde på ingen måte sett spor i Hødd-laget som tok i mot Sandnes Ulf heime på Høddvoll søndag. Med to mål signert Robin Shroot var det smil og glede å sjå både blant spelarane, støtteapparatet i Hødd og publikum.

- Dette var først og fremst ein god prestasjon av oss. Det er godt å sjå spelarar som verkeleg ønskjer å vere der ute. Gutta kjempar godt, speler godt, og spring for kvarandre. Då er vi eit bra fotballag, og i dag var vi betre enn Sandnes Ulf, seier Hødd-trenar Hans-Erik Eriksen, og smiler stort.

For prosjekt Eriksen er verkeleg i gang med desse tre første poenga, og det var tre poeng heimepublikummet sette stor pris på. Stemninga spesielt etter at Robin Shroot banka i mål sitt andre for dagen var til å ta og føle på. Men det tok tid før det lausna.

- Alle her har tenkt mykje i det siste, og hatt det vondt med seg sjølve, fordi vi ikkje har fått dei resultata vi har jobba for. Då er det lett at det knyter seg ein del spenning i spelarane når gode angrep skal avsluttast. Desse to måla er med på å gi sjølvtillit til Robin, men også til heile laget.

- Ein konstant læringsprosess

Hødd og regionen skal få nyte sigeren mot Sandnes Ulf, spesielt etter tøffe kampar i starten av sesongen og cupsmellen mot Brattvåg, men trenar Eriksen meiner laget allereie no må rette fokus mot neste kamp.

- Vi gjer ein bra prestasjon i dag, men vi er i ein konstant læringsprosess. I dag er det mykje som sit, vi er eit meir heilheitleg lag i dag enn tidlegare. Det heng saman med at spelarane klarte å nyte det å vere ute på bana, og ikkje tenkje så mykje på det som har skjedd, seier Eriksen.

Kampfakta

Hødd - Sandnes Ulf 2-0 (0-0)

Høddvoll

Tilskodarar: 1718

Dommar: Bjørn Hansen, Kolbotn IL

Mål: 1-0 Robin Shroot (77), 2-0 Shroot (85)

Gult kort: Christoffer Aasbak, Hughues Wembangomo (Hødd), Bojan Zajic (Sandnes Ulf)

Hødd:

Hødd (4-3-3): Jan-Lennart Urke - Christoffer Aasbak, Joakim Wrele, Hugues Wembangomo (Moltu, 81), Eirik Skaasheim - Torbjørn Kallevåg, Bendik Torset, Fredrik Sjølstad - Didrik Sereba (Magnussen, 82), Eirik Ulland Andersen (Törnqvist, 90), Robin Shroot

Benken:

Ole-Monrad Alme, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Joachim Magnussen, Michael Karlsen, Øystein Vestvatn, Sondre Beite