To nye scoringar for Robin Hjelmeseth, totalt fem mål til heimelaget og tre nye poeng for Elverum. Det var fasiten etter at HamKam hadde vore på besøk på Elverum stadion.

Framom nesten 700 tilskodarar tok Elverum leiinga allereie etter to minutt ved Elmahdi Bellhcen. Like før halvtimen var passert auka Robin Hjelmeseth til 2-0, som også var resultatet ved halv tid.

Ei ny scoring frå Hjelmeseth, samt mål frå Simba og Balstad sikra ein svært solid 5-0 siger til heimelaget, som framleis toppar tabellen i 2.-divisjon avdeling 02. Laget har framleis til gode å gje frå seg poeng denne sesongen. Robin Hjelmeseth er så langt laget sin toppscorar med fire fulltreffarar.

I avdeling 03 måtte Frigg, med Christian Mork på benken, sjå at Nest-Sotra vart for sterke. Mork kom inn etter 44 minutt, men då var laget frå Ågotnes allereie i leiinga med 1-0. Ei ny scoring etter pause gjer at Nest-Sotra heng godt med i toppen av avdelinga, der VIF 2 og Fana toppar med 10 poeng kvar.