– Alt skal hengast opp, ingenting skal ligge på golvet! Michael Karlsen seier klart frå til ungane som akkurat har kome inn dørene på Høddvollhuset for å vere med på Telenor Xtra Hødd FFO. Han og Eirik Ulland Andersen har vore med bussen som hentar ungane på skule, og no prøvar Karlsen å få orden i rekkjene før det blir servert mat på Høddvollhuset.

Fotballfritidsordninga i Hødd er under stadig utvikling, og frå det komande skuleåret vil det også kome tilbod til førsteklassingane.

– Det er eit tilbod som går ut til elevar frå alle skulane i kommunen, men ikkje til Haddal-elevane på torsdagar, fortel André Gardshol. Han er administrativ leiar for fotballfritidsordninga i Hødd, og samarbeider tett med Sander Håskjold Nyland, som sidan januar har hatt det sportslege ansvaret. Gardshol fortel at også tilbodet til dei eldste blir utvida med ein dag.

– 5. til 7.-klasse er eit tilbod som har vore nytt i år, og det har vi hatt veldig gode tilbakemeldingar på, seier Gardshol.

– På dei yngste så brukar vi meir tid på ferdigheitslæring, teknisk repertoar og slike ting.Vi byrjar så vidt med nokre enkle taktiske ting, medan vi har tek med meir taktikk for dei eldre. Der ein spelar på større område med fleire folk. Men alt vi gjer skal vere lystbetont, slår Håskjold Nyland fast.

Han legg til at ein prøvar å finne øvingar som motiverer ungane. Det nye tilbodet til dei aller yngste, blir ifølgje André Gardshol noko enklare og meir basert på leik enn for dei eldre ungane.

– Det blir ulike ballaktivitetar, turar i skogen og ein del slike ting. Vi håpar på at det skal bli eit utruleg artig år for den yngste gruppa.

Meir allidrett

Gardshol fortel at det blir større valfridom for ungane som går i 2.- til 4.-klasse.

– Det er ikkje alle som ønskjer å spele fotball alle dagar, så vi prøvar å tilpasse slik at dei også kan velje andre aktivitetar, for vi ønskjer at alle skal vere i aktivitet, slår han fast.

Torsdagane er det allidrett som står på programmet, og då samarbeider Hødd med Ulstein vidaregåande skule.

– Det er elevar derfrå som har praksisplass hjå oss, og som får oppfølging frå sine lærarar. Det løftet vi har fått gjennom UVS har vore veldig bra, det skal dei ha veldig skryt for, meiner Gardshol.

Han fortel at torsdagane er dei dagane det er flest ungar som deltek på FFO i regi av Hødd, og at ein har fått tilbakemeldingar på at det har vore ønskjeleg med meir allidrett.

– Det er også grunnen til at vi ønskjer å tilpasse meir, slik at ein kan velje meir sjølv. FFO i Hødd har hatt om lag 35 ungar i den yngste gruppa, i tillegg til 16 på den eldste gruppa, men ifølgje Gardshol har ein god kapasitet og truleg plass til mellom 100 og 120 ungar.

– Vi håpar på at vi skal kome opp i mellom 60–70 elevar det komande skuleåret.

På FFO i Hødd blir ungane følgt opp av dei to A-lagsspelarane Michael Karlsen og Eirik Ulland Andersen, i tillegg til at tre elevar frå UVS også jobbar med ordninga.

– Det er bra oppfølging rundt ungane, fortel Gardshol.

<strong>Utvidar tilbodet:</strong> André Gardshol er administrativ leiar for Hødd si fotballfritidsordning. Han og sportsleg ansvarleg Sander Haskjold Nyland fortel at ein no også vil gje tilbod til dei yngste elevane.