Torsdag kveld gjesta Larsnes/Gursken Hareidsmyrane for det som på førehand vart kalla eit tidleg toppoppgjer i 4.-divisjon på Sunnmøre. LGFK hadde tre strake sigrar i serien, medan Hareid hadde vunne to av tre.

Dei gode resultata til begge lag i starten på sesongen såg ut til å ha lokka mange til stadion, og med ein solid gjeng som tok turen frå Sande, var det truleg i overkant av 250 personar som var innom Hareidsmyrane i løpet av kampen.

Ute på bana var det bortelaget som fekk den beste starten, men sjølv om LGFK hadde ballen mykje, så vart det ikkje skapt dei store sjansane.

Det var heller ikkje nokon stor sjanse då Hareid tok leiinga etter 13 minutt. Ruben-Kenneth Brandal fekk ballen på om lag 20 meter, midt framom mål, og la ballen vakkert opp i det lengste krysset. Ei scoring utav nesten ingenting, men ei flott scoring uansett.

- Det er eit kast, og Thor-Ove Brekke spelar ut til meg som kan skyte frå godt hald, og eg får også godt treff, fortel Ruben-Kenneth Brandal, som scora sitt andre mål på to kampar for Hareid.

- Eg har alltid sett på meg sjølv som ein offensiv bidragsytar og trivst best høgare opp i bana. Det er noko eg ønskjer å utnytte når eg får sjansen.

Kampen heldt fram mykje i same sporet også etter scoringa. Bortelaget hadde ballen mykje, men skapte lite, medan Hareid var småfarlege no og då på overgangar.

Mønsterkontring og kalddusj

Då halvtimen var passert gjekk Hareid frå småfarlege til dødeleg effektive. Robin Jackson Indreflø vart sendt avgarde på ei kontring, storma mot LGFK-målet og fekk støtte av Venthan Ketheeswaran. Indreflø sleppte ballen perfekt til Ketheeswaran, som tima løpet sitt heilt rett og kom åleine med keeper. Der gjorde han ingen feil og sette ballen i mål. Ei mønsterkontring frå Hareid.

Mot slutten av omgangen pressa bortelaget på for å få med seg ei redusering før pause, og den skulle også kome. Etter nokre svake defensive involveringar frå Hareid si side vart Stian Ristesund plutseleg ståande åleine med keeper Sigve Overå Hide, og plasserte ballen i mål. Det var det siste som skjedde i den første omgangen, og Hareid fekk dermed ein kalddusj på veg inn til pause.

- Der er vi litt for ukonsentrerte eit lite sekund. Dei har eit frispark, får spelt inn sentralt i bana og køyrer midt på mål. Det er trasig å få slike mål imot rett før pause, fortel Brandal.

Mønsteret frå den første omgangen heldt fram også etter kvilen. Larsnes/Gursken hadde ballen mykje, men Hareid var solide defensivt og rydda stort sett greitt unna. Heimelaget var også svært farlege på kontringar, og Ruben-Kenneth Brandal burde ha sikra sigeren då han vart spelt åleine gjennom mot LGFK-keeperen, men avslutninga gjekk rett på keeper og dermed framleis 2-1.

- Urutinert

Den andre omgangen var også prega av ei rekkje gule kort, dei fleste av dei til Hareid. Medan nokre var av det klarare slaget, vart det også delt ut nokre som ingen forstod noko av. Det gjekk mellom anna utover Joar Møller, som fekk to gule kort, og dermed raudt, i løpet av sine åtte minutt på bana.

Med ein spelar mindre vart det ein kamp for å halde på dei tre poenga for Hareid, medan LGFK pressa på for ei utlikning. Den skulle også kome, og igjen var det heilt på tampen av omgangen. Runar Stranden vart for heit i toppen i det defensive arbeidet og sette inn eit takling heilt ute ved 16-meterstreken. Taklinga bomma på ball, men trefte i staden mann og dermed straffe til Larsnes/Gursken.

Sigve Overå Hide gjekk rette vegen, og var etter ballen, men den unge Hareid-keeperen nådde ikkje heilt fram til straffa frå Leiv Sindre Muren, og dermed utlikna bortelaget. Fleire mål vart det ikkje tid til på Hareid, og laga delte poenga.

- Vi er litt urutinerte. Vi byttar inn ein mann for å sikre og stabilisere det litt mot slutten, men får ein utvist og er litt for urutinerte rundt eigen 16-meter. Det blir vi straffa for, seier Brandal.

Hareid-kapteinen meiner det var heilt rett at Joar Møller fekk det første gule, men Brandal forstår ikkje så mykje av det andre gule, som førte til raudt kort.

- Det første er soleklart. Det er ein "professional foul" på ein overgang. Det andre synest eg er frykteleg strengt, men det er dommaren som dømmer kampen og det får ikkje vi gjort så mykje med, seier Brandal.

Hareid mista to poeng på slutten mot LGFK, men har likevel fått ein bra start på sesongen, med sju poeng på fire kampar.

- Eg synest vi har overraska positivt i starten. Vi sleit vel å merke litt mot Langevåg, men vi har spelt godt, og spelar godt i dag mot Larsnes/Gursken.

Kampfakta:

Hareid - Larsnes/Gursken FK 2 - 2 (2-1)

Hareidsmyrane stadion

Tilskodarar: Ca 250

Dommar: Richard Olsen, Åmdal IL

Gule kort Hareid: Møller x2, Stranden, Skeide, Holstad, Brekke

Mål: 1-0 Ruben- Kenneth Brandal (13), 2-0 Venthan Ketheeswaran (30), 2-1 Ristesund (45), 2-2 Muren (90)

Sigve Overå Hide – Venthan Ketheeswaran (William Valde Bigset 66), Simon Holstad Grimstad, Lars Roar Holstad, Nauris Driksna – Ruben-Kenneth Brandal, Alexander Nevstad (Joar Møller 80), Torgeir Skeide – Runar Stranden, Thor-Ove Brekke (Eiliv-Tore Howlid 73), Robin Jackson Indreflø (Fredrik Andresen 90

Hareid-spelarane jublar etter 1-0 scoringa til Brandal, men sjølv om heimelaget også leia 2-0, så kom LGFK tilbake og sikra eitt poeng.