Grønfur og Ålesundaren Mikael Hoem Brunsvik kjempa mann mot mann heilt til målstreken opp skulebakken. Til slutt var det Grønfur som kunne trekkje det lengste strået.

Duoen samarbeida godt etter å ha fått ei luke på resten av feltet på veg rundt Gurskøya. Dei klarde å oppretthalde ei luke på omlag minuttet tilbake til det som var igjen av feltet, men forspranget minska noko då dei to byrja å lure litt på kvarandre siste kilometerane.

- Eg prøvde å skaffe meg ei luke eit par gonger innanfor dei siste kilometerane, men han hang på som ein klegg, seier Grønfur.

Det var likevel ikkje tvil om at det var dei to som skulle knive om sigeren opp bakken. Bak dei kom eit stormande felt på 10-12mann, som kjempa om den siste plassen på pallen. Igjen var det Førde CK hjå Kristian Tjønneland som var sterkast.

Tur/retur Flø

Syklistane i alderen 11-16 sykla til flø og tilbake i sitt ritt.

Her var det fleire unge lokale som stilte til start.

Ludvik Berstad(11) kom på tredje plass i klasse M11-12, medan systrene Angelica og Eileen Berstad vann sine klasser, K13-14 og K15-16.

Håkon Fjørtoft sykla særs godt i M15-16, men måtte sjå seg slått av ålesundaren Vetle Vemøy opp skulebakken.

Les meir i papiravisa tysdag