Det vart tap 3-2 for Hødd sitt unge andrelag borte mot Fjøra måndag. Martin Mork Breivik og Sondre Beite var dei einaste representantane frå A-stallen til Hødd.

Bortelaget dominerte frå start i kampen som gjekk på Fosshaugane campus i Sogndal, men det var heimelaget Fjøra som tok leiinga allereie etter tre minutt. Då leverte Runar Heggestad ein flott soloprestasjon før han la ballen vidare til Kenneth Skjerven som enkelt kunne plassere ballen i mål bak Sivert Pieroth.

Hødd 2 pressa på for utlikning og hadde mesteparten av banespelet i den første omgangen, men utan å få utteljing.

Etter pausen kom heimelaget meir med i spelet, og kampen jamna seg meir ut. Og som i den første omgangen fekk Fjøra seg ei tidleg scoring, denne gongen ved Espen Outzen etter 49 minutt.

Hødd 2 kom raskt til hektene igjen og reduserte ved Sondre Beite tre minutt seinare. Han trekte seg inn frå høgresida og skrudde ballen opp i det lengste hjørnet.

Det var ikkje like positivt då Beite kom i fokus etter 64 minutt. Då vart nemleg angrepsspelaren sendt rett i dusjen etter at dommaren meinte han fråtok ein Fjøra-spelar ei opplagt scoringsmoglegheit. Dermed måtte Hødd 2 avslutte kampen med ti mann.

Og om lag ti minutt før slutt fekk også Fjøra si tredje scoring, då Jonas Halvorsen blei spelt gjennom og scora, medan Hødd-spelarane ropte på offside. Det blei ikkje dømt, men i staden for å gje opp, gjekk Hødd rett i angrep og Sveinung Tilseth Sæterås scora Hødd 2 sitt andre mål berre eit minutt seinare.

Mot slutten prøvde Hødd 2 å presse på, men kom ikkje til dei rette avslutningane, medan Fjøra heldt tett bakover og satsa på å kontre inn ei scoring som ville punktere kampen. Fleire mål blei det ikkje til nokon av laga, og dermed vann Fjøra 3-2. Med det passserte dei også Hødd 2 på tabellen.

Kampfakta:

Fjøra - Hødd 2 3-2 (1-0)

Fosshaugane Campus

Dommar: Jonny Skjerven, Kaupanger

Gule kort: Gøran Wigum, Arne Martin Fossland, Håkon Botn Brautaset, Eirik Stedje, Jonas Halvorsen

Raudt kort: Sondre Beite

Mål: 1-0 Kenneth Skjerven 3), 2-0 Espen Outzen (49), 2-1 Sondre Beite (52), 3-1 Jonas Halvorsen (78), 3-2 Sveinung Tilseth Sæterås (79)

Hødd 2: Sivert Pieroth - Martin Mork Breivik, Aleksander Rekdal, Daniel Eid, Johannes Sundgot - Sveinung Tilseth Sæterås (Bastian Rasmussen 80), Peter Hasund, Sander Djupvik (Karl Bringsvor 68) - Isak Haanes, Håkon Botn Brautaset (Gustav Dimmen 75), Sondre Beite