Hareid har klatra heilt opp i toppen av årets 4.-divisjon på Sunnmøre. Før torsdagens bortekamp mot Godøy låg laget på ein tredje plass, men etter 3-1 siger på Godøya, er det berre Langevåg som har fleire poeng enn Hareid. Larsnes/Gursken slo Skodje heime og har like mange poeng som Hareid.

Men at Hareid skulle vinne borte mot Godøy var det ikkje mange som hadde trudd. Og det var heimelaget som skapte mest på Godøy-kunstgraset, men Hareid scora flest.

Til pause var stillinga 0-0 ettar at Godøy hadde hatt dei fleste moglegheitene. Dei hadde også ein ball i mål, men Hareid fekk frispark for ein situasjon i forkant.

I staden var det Hareid som skulle ta leiinga, og det ved Ruben-Kenneth Brandal, som no har scora i fem kampar på rad. Brandal fekk ein gåvepakke frå Godøy-forsvaret og tok godt vare på den. Kvarteret før slutt utlikna Godøy ved Jan Ove Austnes etter ein corner, men to minutt seinare var det Hareid som tok tilbake leiinga.

Også denne gongen var det Godøy som missa, og Hareid som utnytta moglegheita. Jon André Thue utnytta ein svak inngripen frå Godøy sin keeper, og kunne score i det opne målet.

Og verre skulle det bli for heimelaget. Åtte minutt før full tid sende Runar Stranden i veg eit skot som keeper truleg burde hatt kontroll på, men i staden for kontroll, gjekk ballen i mål og Hareid kunne innkassere tre poeng og ein svært sterk bortesiger.

Hareid hadde ein del marginar med seg i kampen, men utnytta sjansane sine. Og Hareid vann igjen borte. No er det fire strake bortesigrar for raudtrøyene, noko som er svært imponerande. 10-2 i målskilnad på bortebane er også svært solid.

Torsdag om ei veke har Hareid moglegheita til å pynte litt meir på heimestatistikken. Då kjem Norborg til Hareid. Dei har slitt i starten på sesongen, og tok årets første siger, heime mot Valder, denne veka.

Kampfakta:

Godøy - Hareid 1 - 3 (0-0)

Godøy kunstgras

Dommar: Tove Marie Tandstad, Velledalen og Ringen FK

Gule kort Hareid: Runar Stranden og Thor-Ove Brekke

Mål: 0-1 Ruben-Kenneth Brandal (59), 1-1 Jan Ove Austnes (74), 1-2 Jon André Thue (76), 1-3 Runar Stranden (82)

Hareid: Sigve Overå Hide – Venthan Ketheeswaran, Lars Roar Holstad, Simon Holstad Grimstad, Nauris Driksna – Alexander Nevstad, Torgeir Skeide, Ruben-Kenneth Brandal – Runar Stranden (Fredrik Andresen 90), Thor-Ove Brekke, Håvard Øvrelid (Jon André Thue 70).