- Eg har heldigvis aldri hatt ein så alvorleg skade tidlegare i karrieren min. Når det først skjedde skal eg ta tida til hjelp, og sakte men sikkert kome meg i sving igjen, seier 30-åringen til Vikebladet Vestposten.

Les også: FFK - Hødd LIVE

I 2015 scora gurskingen åtte seriemål for Hødd. Eirik Ulland Andersen var einaste som scora fleire. Lysluggen hadde med andre ord vore ei viktig brikke for dei blåkvite denne sesongen, men må i staden sitje nokre månadar på sidelinja.

- Klart det er trist. Det er forferdeleg å ikkje kunne bidra. Men, det er godt å sjå at vi no klarer å sikre oss trepoengarar, slik som mot Ull/Kisa sist. Eg gler meg til å sjå laget mot Fredrikstad, og håper på tre nye poeng der. Sjølv om eg ikkje får vere med, så er det godt å sjå at lagkameratane mine kjempar for poenga, for dei treng vi, seier den sindige sandssokningen.

Frå tre månadar til resten av sesongen

Skaden Myklebust har fått, som gjorde at han måtte til Ålesund sjukehus og operere, er ein skade på baksida av låret. Den kom i kampen mot Kristiansund på bortebane 16. mai. No ser det ut til at han blir på sidelinja i minst tre månadar framover, men kanskje også ut sesongen.

- Eg har hatt fleire tilfelle av strekk i hamstringen før, men denne gongen var det ikkje berre ein strekk. Då eg kjente det small visste eg at det var langt meir alvorleg enn tidlegare. Beinet sat på ein måte fast i grunnen då eg skulle strekke meg framover, slik eg fekk ei overbelastning i lårmuskelen. Eg kjente det med ein gong at dette var verre enn før, seier Myklebust og legg til:

- Det er heilt klart den mest alvorlege skaden eg har hatt desse åra eg har spelt fotball.

- Vil ikkje stresse

Skaden og den påfølgjande operasjonen gjer at Magnus blir nøydd til å ta det svært roleg dei første vekene.

- Eg kan ikkje køyre bil for eksempel, så eg blir nok mykje i ro. Men, eg har gode folk rundt meg, og ein plan for opptrening, så eg har god trua på at dette ikkje er det siste folk har sett av meg på bana. Eg er fullt motivert, og eg skal klare dette fint. Spørsmålet er berre om det blir tre månadar, eller resten av sesongen. Men, eg vil ikkje stresse. Det er betre å bli skikkeleg frisk igjen, enn å skunde meg for å rekke nokre kampar på slutten av sesongen, seier Myklebust.