Hødd-damene tok sitt andre poeng i serien i år, då dei spelte 3-3 borte mot Nidelv søndag.

Hødd tok leiinga etter 17 minutt ved Ellen Nerland Aahjem før Nidelv utlikna i det 34 minutt. Hødd tok så leiinga igjen rett før pause, då Ingvild Sæther Ringstad sikra 1-2.

Klarte ikkje halde leiinga heilt inn

I andre omgang auka Hødd leiinga til 1-3 etter 61 minutt, nok ein gong ved Ellen Nerland Aahjem. Nidelv slo så tilbake med to kjappe mål, etter høvesvis 69 og 75 minutt.

Hødd ligg no på siste plass i divisjonen med to poeng, medan Nidelv ligg rett over dei blåkvite med fire poeng.

Neste kamp for damene no er borte mot Sunndal førstkomande onsdag.

Kampfakta

2. div. avd. 06

Nidelv - Hødd 3-3 (1-2)

Tempe hovedbane

Dommar: Harald Inge Johnsen (Leinstrand IL)

Mål: 0-1 Ellen Nerland Aahjem (17), 1-1 Hanne Finstad (34), 1-2 Ingvild Sæther Ringstad (43), 1-3 Nerland Aahjem (61), 2-3 Hanne Finstad (69), 3-3 Merethe Liland (75)

Slik stilte Hødd:

Ingvild Auflem Vik - Nina Kristin Flem, Maria Emilia Skar, Karoline Brandal Dahl, Merethe Molvær Terøy - Katrine Holstad, Ingvild Sæther Ringstad, Therese Holstad, Marte Aarsand Vik - Ellen Nerland Aahjem, Anne Marie Skaar Hasund

Benken:

Susann Kragset, Cecilia Bakke, Ragnhild Brudevoll