- Det var vi som hadde ballen mest og var mest spelande. Sunndal var meir direkte enn oss med lange framspel i bakroma, forklarer Hødd-trenar Ole Per Kragset.

- Vi var flinke til å halde ballen i laget, men var ikkje gode nok i begge boksane. - Vi vart litt for veike, medgir Kragset, som likevel vil ha sagt at dette i grunnen var ein bra kamp frå Hødd si side. Sunndal tok leiinga på ein corner og auka til 2-0 på ei kontring.

- Har damelaget kanskje same fotballfilosofi som A-laget har hatt i år?

- Nei, vi trenar heilt sikkert ikkje på same måten, men vi prøver å spele fotball og ønskjer å ta vare på ballen, seier Kragset, som har trent Hødd sitt damelag sidan 1. desember 2011. – Denne gongen hadde vi ein god del utur også, legg han til.

Held fram med tre treningar i veka

Kragset fortel at dei kjem til å halde fram med å trene tre gonger i veka utetter sommaren. Laget har ikkje gitt opp kampen om å stå i divisjonen. Træff/Gossen og Nidelv ligg berre 2 poeng framføre. Kan Hødd passere dei, er dei berga. Hødd har også mange 16-åringar som skal delta i Norway Cup i slutten av juli.

- Kva er utsiktene på spelarfronten før haustsesongen?

- Vi har utsikter til å få to-tre nye spelarar, men elles er det vanskeleg å seie kor mange som reiser. Det einaste eg veit no er at Bendikte Nevstad ikkje er aktuell til hausten. For andre som har tenkt å gå vidare på skule andre plassar er det avgjerande om dei gjer det her på Sunnmøre eller i storbyar som Bergen, Oslo eller Trondheim.

Hødd-damene startar haustsesongen med bortekamp mot Byåsen2 7. august.

Kampfakta

2.-div. damer

Sunndal - Hødd 4-0 (2-0)

Dommar: Stig Morten Gjørsvik (Surnadal IL)

Gult kort: Silje Holstad (Hødd)

HØDD: Ingvild Vik, Nina Flem, Karoline Dahl, Merete Terøy, Maria Skar, Marte Vik, Silje Holstad, Therese Holstad, Andrea Sævik, Ellen Haahjem, Ingvild Ringstad. Innbytte: Kathrine Holstad, Susann Kragset, Vilde Sundal, Cecilie Bakke, Madelen Gustavsen.