I samtale med Vikebladet Vestposten dagen etter braksigeren mot Åsane heime på Høddvoll, i den første kampen som fungerande Hødd-trenar, er det ein audmjuk og stolt Steinar Lein som svarar på spørsmål kring framtida.

Les også: - Det har vore ei spesiell veke

Ved førre tilsetjingsrunde av ny Hødd-trenar blei Lein spurt om han kunne tenkje seg å bli vurdert, men takka då nei. No har derimot Lein kome på andre tankar.

- Det ville vore ei stor utfordring, men utfordringar likar eg, seier han og legg til:

- Om dei meiner eg kan vere rett mann til jobben, så er det absolutt interessant for meg. Eg kjenner spelarane godt, og kontinuitet er ein suksessfaktor.

Frå nei til ja

Etter nøye vurderingar og samtalar med familien har Lein altså kome fram til at han verkeleg vil vurdere det om Hødd tilbyr han jobben.

- Eg har vore hovudtrenar i sju år tidlegare, så dette er ikkje upløgd mark for meg. Eg trivast og har lenge likt rolla som assistent, og eg likar meg godt på treningsfeltet. Så har eg ei stund ikkje vore så interessert i det som har med hovudtrenarjobben å gjere, men etter nokre år her i Hødd har eg byrja å kome på andre tankar, seier Lein.

Steinar seier samstundes at det viktigaste fokuset for han no blir førebuingane til neste kamp mot Mjøndalen borte, men at han samstundes er spent på trenarspørsmålet.

- Det blir spanande å sjå. Eg skal i møte med styret i kveld, så får vi sjå kva som skjer, seier Steinar Lein avslutningsvis.

Om Lein får jobben, blir det truleg ut sesongen i første omgang.