Robert Lewandowski, kaptein på det polske fotballandslaget og rekna for å vere ein av dei beste spissane i Europa, kunna ha enda opp som Hødd-spelar i 2007. Det fortel Lars-Petter Rønnestad til TV2.

Rønnestad, som den gongen var assistenttrenar i Hødd, fekk tips om fotballtalentet av ein kamerat busett i Polen. Lewanddowski spelte då i polsk 3. divisjon for klubben Znicz Pruszkòw.

- Vi inviterte Robert Lewandowski og ein annan spelar i klubben til å kome og prøvespele for oss, noko dei begge hadde lyst til, fortel Rønnestad til TV2.

Problemet var berre at klubben til dei to ville at Hødd skulle betale for flybillettane, noko Hødd ikkje var interessert i. Dermed vart det ikkje nokon tur til Ulsteinvik og prøvespeling på Høddvoll for dei to polakkane.

- Det er kanskje like greitt, for Hødd ville nok ikkje hatt råd til å betale for Lewandowski uansett. Men hadde vi fått han til Hødd hadde det vore tidenes kupp, seier Lars-Petter Rønnestad.

Etter å ha vore sentral i å sikre Znicz Pruszkòw opprykk til 2. divisjon, vart Lewandowski  i 2008 solgt til Lech Poznan for om lag 3,1 millionar kroner.

Frå 2010 til 2014 spelte han for tyske Borussia Dortmund, før han gjekk over til erkerivalen Bayern München.

I kveld, torsdag, stiller Robert Lewandowski som kaptein for Polen når dei møter Portugal i kvartfinalen i EM.