Med 3985 poeng etter fem øvingar låg Toralv Opsal frå Dimna IL på ein sterk sjuandeplass etter første dag av tikampen under U20-VM i Polen.

Trenar Arve Hatløy seier til Norsk Friidrett sine Facebook-sider at Opsal er i svært god form, men at ei plagsom hofte har gjort det vanskeleg å trene hekkar den siste tida. Derfor ville 110 meter hekk vere ei nøkkeløving for mangekamptalentet.

- Kjem han gjennom den øvinga på ein bra måte, så ser eg veldig lyst på resten av konkurransen, seier Hatløy til Norsk Friidrett.

Og Opsal leverte på korthekken. Ny personleg rekord på 14,66 og siger i sitt heat sikra heile 891 poeng. 14,66 var 12. beste tid totalt.

Og med det klatra Opsal opp frå 7. til 6. plass før dei fire siste øvingane i Bydgoszcz. Og som ikkje det var nok sette Opsal ein ny, og kraftig forbetra personleg rekord i diskos.

I tredje og siste forsøk klemte han til med 43,08 meter og var dermed lengst i den første gruppa. Det er nesten tre meter lenger enn hans tidlegare "pers" og gir 727 nye poeng.  Dei beste diskoskastarane i tikampen kjem i andre gruppe.

Med andre beste høgde i stavkonkurransen og ny "pers" i spyd blanda ungguten seg plutselig inn heilt oppe i medaljekampen. Men for å nærme seg medalje måtte Opsal levere på 1500 meter. Og det gjorde 18-åringen. Endå ein personleg rekord og 4.21,61 heldt til bestetid på 1500 meteren. Det heldt også til 801 poeng, og til slutt til ein femteplass totalt. Poengsummen til Opsal var berre fire poeng bak fjerdeplassen og berre 64 poeng bak tredjeplassen. Imponerande innsats av Dimna-utøvaren.

7815 poeng er ein klar ny personleg rekord for Opsal.