Etter ei jamn opning der Norge og Romania fulgte kvarandre tett, gjorde det norske laget det omtrent som dei ville etter pause. Frå å ha 12-9 og tremålsleiing halvvegs trekte Handballjentene meir og meir ifrå i den andre omgangen og vann til slutt med komfortable 32-21.

Camilla Herrem var ei av tre norske spelarar som scora fem mål mot Romania, medan Nora Mørk vart toppscorar med ni fulltreffarar. Herrem synest det var godt å kome igang med kampar igjen etter ei lengre periode med treningar.

- Det var ganske godt å få spele litt igjen. Det er greitt å spele med kvarandre på trening, men det er mykje kjekkare å spele mot andre, så får vi sett at det vi øvar på fungerer, seier Herrem etter kampen.

Sjå stor bileteserie frå Norge - Romania

Sakna Neagu

Ho synest Norge leverte ein bra kamp og tok ein grei siger, men meiner samstundes det var leitt at ikkje Romania sin beste spelar, Christina Neagu, ikkje kom på banen.

- Eg kunne godt ha tenkt meg at dei stilte med fullt lag. Neagu er ganske mykje av dette laget og det er ho som står bak det meste. Sånn sett fekk vi ikkje så mykje ut av denne kampen, for ho kjem til å spele i OL, slår Herrem fast. Kantspelaren legg samstundes til at Romania si store stjerne er ein spelar det norske laget kjenner godt frå tidlegare.

- Vi kjem til å vere godt budde på henne, men eg kunne tenkt meg at dei stilte med fullt lag.

For Herrem sin del var Romania-kampen eit gjensyn med ei rekkje tidlegare lagvenninner, etter at ho spelte i den rumenske klubben Baia Mare i 2014-2015 sesongen.

- Eg har spelt med seks av dei som spelte i dag og assistenttrenaren var trenaren min, så eg har spelt med dei fleste av dei, smiler Herrem som såg ut til å ha godt tak på sine tidlegare medspelarar.

Gler seg til fleire kampar

Fredag har dei fire laga kamppause, før det norske laget skal ut mot Spania på laurdag og Frankrike sundag.

- No er det lenge sidan eg har spelt mot Frankrike. Eg har vel ikkje spelt mot dei sidan mars i forfjor, så eg veit ikkje heilt korleis dei er. Men det er eit bra lag med mange fintesterke spelarar. Det same med Spania. Det blir tøft begge dagane, men eg gler meg til å møte dei. Dei har heilt andre typar enn det vi har og det er gøy, avsluttar Herrem.

Gler seg gjer nok også publikum, som gav Handballjentene ståande applaus i sluttminutta.

I kampen mellom Spania og Frankrike var det spanjolane som trekte lengste strået. Frankrike hadde ei eittmålsleiing på 9-8 ved pause, men Spania leverte ein sterk andreomgang og vann til slutt 21-17.