Suzan, som elles er sjukepleiarstudent i Haag, er på ferie i Noreg saman med faren sin. Dei har sove to netter i telt på Flø feriesenter for å få med seg dei norske handballjentene spele i Ulstein cup. Dette trass i at det er firenasjonarsturnering i Nederland i helga også.

- Vi skulle uansett på Noregsferie, og då eg fann ut at det norske landslaget skulle spele her i Ulsteinvik, var vi nødt til å kome innom for å sjå dei spele, seier handballinteresserte Suzan.

Sjå stor bileteserie frå Norge - Romania

Dei har køyrt frå Nederland og kom til Noreg mandag. Deretter sette dei kurs mot Ulsteinvik og ankom Flø feriesenter onsdag. Ulsteinvik var ikkje planlagt som ein av stoppestadane på Noregsferien, men dei kunne ikkje la sjansen til å sjå det norske landslaget i aksjon gå frå seg.

- Etter at Nederland tapte mot Noreg i VM-finalen i Danmark i fjor vinter, har det vore ein vanvittig handballfeber i Nederland. Eg prøvde å sikre meg bilettar til ein kvalifiseringskamp til EM mellom Nederland og Østerrike i juni, men billettane vart utsolgt på berre få minutt, seier Suzan og legg til:

- Sidan det passa best for meg å reise til Noreg på dette tidspunktet kom eg til å gå glipp av firenasjonarsturneringa i Nederland uansett. At eg kan kome hit å sjå Noreg spele er heilt topp, slår ho fast.

- Kjekt å sjå Noreg vinne!

Suzan og faren var på plass torsdag og såg kampen mellom Spania og Frankrike. Seinare same dagen fekk ho òg med seg Noreg knuse Romania.

- Eg fekk sett to gode kampar og eg synast at det var veldig kjekt. Det var kjekt å sjå Noreg vinne - eg er stor fan av spelestilen til laget, seier Suzan, som i dag reiser vidare til Nord-Noreg.

Ikkje berre fekk ho med seg super stemning i Ulsteinhallen torsdag, men også kanskje den finaste dagen i året her på Hareidlandet. Tida vil vise om Lofoten og Nord-Noreg, som er neste stopp, kan hevde seg mot handballfeberen og solskinet i Ulsteinvik.

Les også: Norge slo Romania i Ulstein Cup