Handballjentene si oppkøyringsturnering i Ulsteinhallen går mot slutten. Ulstein Cup har vore ein fantastisk handballfest frå første kast, med meir enn 2000 tilskodarar på alle dei fire kampane som er spelt så langt. Laurdag toppa det seg med over 2300 tilskodarar under Norge - Spania og elektrisk stemning på tribunene.

Les også: - Godt å få spele igjen

Sundag går dei to siste kampane, og det heile opnar med eit spansk lag som har levert svært god handball og som har slått både Norge og Frankrike i sine to første kampar. På andre banehalvdelen står Romania, som så langt ikkje har imponert like mykje, men som periodevis viste kva som bur i laget i kampen mot Frankrike. Og det utan storskyttar Christina Neagu på bana.

Sjå bilete frå Norge - Romania

Ulstein Cup blir avslutta med kampen mellom Norge og Frankrike. Dei norske Handballjentene leverte ein god kamp mot Romania torsdag, men trøbla litt meir i oppgjeret mot Spania. Også Frankrike måtte strekke våpen mot det spanske landslaget, men hadde full kontroll mot Romania og leverte ei opning på kampen som det lukta svidd av.

Les også: - Framleis ting å jobbe med

Sundag kan ein vente to fartsfylte og spanande oppgjer i Ulsteinhallen, med fire av dei beste landslaga i verda i aksjon og med mange av dei aller beste spelarane handball-Europa har å by på.

Nora Mørk for Norge mot Spania. Foto: Andreas Bjerknes