Etter sigrar i tette kampar mot både Norge og Frankrike, og uavgjort mot Romania sundag var det Spania som vann Ulstein Cup.

Før sundagskampen var Spania store favorittar, etter at Romania ikkje var i nærleiken mot Norge, og brukte halve førsteomgangen mot Frankrike på å kome igang. Men på turneringa sin siste dag fekk dei 2100 tilskodarane sjå eit rumensk lag som hadde foten på gasspedalen frå start.

Dessverre vart Christina Neagu framleis sittande på benken, men Romania har fleire gode spelarar og Eliza Iulia Bucheschi stod fram med fem scoringar, medan Ionica Munteanu leverte ei rekke gode redningar.

På Spania var det Alexandrina Cabral som førte an, og som vart toppscorar i kampen med seks mål.

Kampen bølga fram og tilbake i 60 minutt, utan at nokon av laga klarte å skaffe seg eit reelt overtak. Pause på stillinga 11-11 og 21-21 ved full tid vart fasiten.

Og sidan Ulstein Cup er ei oppkøyringsturnering før OL vart det heile avslutta med straffekonkurranse, der Romania var hakket vassare enn sine spanske motstandarar.

Men det var dei spanske jentene som kan reise heim med glaspokalen som vinnarar av Ulstein Cup, overlevert frå leiar i Hødd handball, Jarl Martin Møller.