Dei norske Handballjentene sørga for eit perfekt punktum på Ulstein Cup då Amanda Kurtovic sette inn 25-24 i same sekund som signalet gjekk for full tid. Då løfta også taket seg og dei i overkant av 2300 tilskodarane fekk akkurat den avslutninga dei ønskte etter ein tett og spanande kamp mellom to gode lag.

Etter å ha tapt ein annan tett kamp mot Spania laurdag var det godt for det norske laget å knipe sigeren mot Frankrike.

- Ja, det gjer godt. Og i dag synest eg vi viser at vi ikkje gjer oss og at vi står på til siste slutt. Det var ikkje pent i dag, det vart ikkje mykje finspel, men vi kriga oss gjennom det. Det var ein tøff kamp og då er det utruleg herleg at Amanda setter inn den siste. Det smakte veldig godt, fortel Nora Mørk etter kampslutt.

Sjå også: Foto: Norge - Frankrike

Forsøkte å halde roen

Det såg ut til at kampen kunne gleppe ut av Norge sine hender, då Allison Pineau kunne utnytte at dei norske Handballjentene hadde sett inn ein ekstra utespelar og at keeper Kari Aalvik Grimsbø sat på benken, men avslutninga frå midtbana gjekk like utanfor stolpen.

- Vi har snakk om at vi ikkje skal verte så stressa om vi kjem eitt eller to mål bak. I dag synest eg vi forsøkte på å halde roen og at vi til slutt klarte å kome ajour i andre omgang. Og så handlar det om å lede når sluttsignalet går og det klarte vi akkurat, smiler Mørk.

Etter at Norge hadde god kontroll mot Romania torsdag, vart det hakket for tøft mot Spania laurdag, før Ulstein Cup vart avslutta på ein positiv måte med siger over Frankrike. Mørk fortel at den tøffe motstanden er noko det norske laget har ønskt seg i oppkøyringa til OL.

- Vi har valt å spele mot tøff motstand og alle laga som er her er medaljekandidatar i OL. Eg synest vi ser tendensar til at vi spelar på nivå og endå betre enn dei beste, så vi skal ta med oss det som er bra og vi skal kvitte oss med litt av dei dårlege periodane vi har. Kanskje skal vi lære litt av dei andre som vi møter her som spelar veldig aggressivt i forsvar. Vi treng å vere litt meir aggressive, meiner Mørk.

Les også: Spania vann Ulstein Cup

Etter Ulstein Cup er det berre dei siste førebuingane som står att før Handballjentene set kursen mot Rio, men laget har framleis litt å jobbe med før leikane startar.

- No må vi få sett ein del video saman, og så må vi tore å sleppe oss endå litt meir lause på trening. Vi blir kanskje litt opptekne av kva som er rett og kven som skal kvar. Det handlar om å krige litt meir.

For Nora Mørk og resten av Handballjentene går opphaldet i Ulsteinvik mot slutten,

- Vi har hatt ei veldig god samling, der vi har fått gjort mykje. No har det vore fysisk tøft med mykje trening og desse tre tøffe kampane, så no får vi ei litt rolegare periode heime, før vi reiser til OL med mykje energi.

Og der er dei norske Handballjentene blant favorittane til å ta medalje.