Før helga signerte Christer Adrian Mork for Hareid IL. Det melder idrettslaget på nettsidene sine.

Mork, som også er kjend under tilnamnet "Bromle", debuterte for a-laget vinteren 2010, men var borte frå fotballen i to år. I 2012 var han i sving att og vart toppskorar for Hareid 2 samme år og for a-laget året etter.

Dei to siste åra har Mork spelt for Hovdebygda IL etter å ha vore busett i Volda, men han har no flytta heim til Hareid. Det er uvisst om han kjem til å spele på Hareid 2 i 6. divisjon eller på a-laget i 4., førebels må Christer Adrian Mork trene seg opp att etter ein skade.