Dani Hatakka kom til Brann før årets sesong frå den finske toppklubben KuPS. Hatakka har også spelt for Honka, der han vart finsk cupmeister i 2012. Dani har spelt mange aldersbestemte landskampar for Finland, og er no fast inventar på U21-landslaget der han har spelt 24 kampar.

Dani Hatakka (f.12.03.94) er ein spelar som kan nyttast både som back og midtstoppar. Han er fysisk sterk, tøff i stilen og ein spelar som hovudtrenar Steinar Lein er veldig godt fornøgd med å få inn i stallen.

- Dani kan spele på dei fleste plassane i forsvaret, noko som er ein klar fordel. Han er ein flott type som vil passe godt inn den treningskulturen vi har i Hødd, og vi ser fram til å sjå han i den blå Hødd-drakta utover hausten, seier Lein i ei pressemelding.

Gler seg til å spele for Hødd

- Eg har berre høyrt positive ting om Hødd frå Lars Arne, Manu og Sivert, og har fått dette bekrefta etter at eg kom til Ulsteinvik og Hødd torsdag. Ein flott klubb med hyggjelege menneske og imponerande fasilitetar. Eg ser veldig fram til å spele for Hødd.

IL Hødd Fotball ønskjer Dani velkomen til Hødd og Ulsteinvik.