Tradisjonsrikt maratonløp neste helg

Hareid IL arrangerer Nordvest Maraton for 26. gong.

Nordvest Maraton Laurdag 20. august inviterer Hareid IL til Nordvest Maraton. I fjor var det Helge Hafsås, nærast kameraet, som vann heilmaraton i herreklassa, medan Louise Skak vann kvinneklassa.  Foto: Leiv Arne Grimstad

Sport

Laurdag 20. august arrangerer Hareid IL Nordvest Maraton. Det er 26. gongen dette tradisjonsrike løpet går av stabelen. Løypa har start og mål ved Hareid stadion, og går delvis på Rotarystien langs Hareidselva og Grimstadvatnet og vidare rundt Snipsøyrvatnet med retur langs Kvitholvegen. Det er tredje året løpet går langs denne traséen, tidlegare har løpet hatt start på Rundebrua og mål på Hareid.

Dei som skal delta i heilmaraton må springe to runder, medan halvmaratondeltakarane slepp unna med ei.

Nettstaden Kondis.no fortel at det vert trekning av gåvepremiar for deltakarane og dei beste vert løna med pengepremiar.

I tillegg vil dei som har delteke på minst tre av løpsarrangementa i det såkalla Vikingraidet få tittelen Viking eller Ekte viking alt ettersom dei spring halv- eller heilmaraton. I tillegg til Nordvest Maraton er dette Varden Opp på Sula, Geiranger Halvmaraton og Saudehornet Rett Opp i Ørsta. Norvest Maraton er det siste arrangementet av desse fire.