For den nøytrale sjåar var nok ikkje dette den mest spanande kampen å sjå søndag kveld. Begge lag starta begge omgangane nok så roleg. Raufoss var derimot laget som stod for dei største målsjansane i starten av kampen. Spanjolen Marcos Gondra Krug testa Jan-Lennart Urke ved to høve, men begge gongane redda Hødd sin sisteskanse flott. Emile Dadjo storspelte i denne kampen for heimelaget, og var hjerna bak det meste Raufoss gjorde. Midt i omgangen veksla det ein del mellom laga kven som hadde ball.

Øystein Vestvatn fekk så stå i feltet og skyte på Raufoss-målet etter rundt 25 minutt, men skaut rett på keeper. Rett før pause kom Bendik Torset inn for ein skadd Fredrik Sjølstad.

To mål i andre

Etter kvilen var det først ei litt tam opning. Men så, tretten minutt inn i omgangen, fekk Raufoss løn for strevet. Kommunikasjonssvikt såg ut til å gjere at Emile Noe Dadjo kom seg forbi ein av forsvararane, og tuppa ballen over Jan-Lennart Urke, som kom ut for å stoppe han. Ballen trippa i mål, og heimepublikummet jubla for 1-0.

Det skulle bli verre for Hødd. For, etter 67 minutt blei Magnus Solum servert eit enkelt mål av lagkameratane sine.

Almir Aganspahic trilla fram til Steffen Hjelmtvedt, som enkelt la inn i feltet til Magnus Solum som kom på løp. Han kunbe berre tuppe ballen inn i mål. 2-0 til heimelaget, og Hødd hadde no store problem.

Hødd køyrde på for å sikre seg ei redusering, men det hjelpte så lite. Dani Hatakka fekk sin debut då han kom inn, og Sondre Beite blei også sett på for å prøve å snu kampen, men det var til lita nytte. Det enda med 2-0 på Nammo Stadion, og nok eit bortetap for Hødd.

Før kampen:

Søndag reiste Hødd til Raufoss på vestsida av Mjøsa for å spele bortekamp i OBOS-ligaen mot Raufoss.

Hødd stilte dette laget mot Raufoss:

Hødd (4-3-3): Jan-Lennar Urke - Cristoffer Aasbak, Joakim Wrele, Steffen Moltu, Hugues Wembangomo - Torbjørn Kallevåg, Fredrik Sjølstad, Øystein Vestvatn, Didrik Sereba - Robin Shroot, Joachim MagnussenBenken: Ole-Monrad Alme, Jesper Törnqvist, Dani Hatakka, Bendik Torset, Sondre Beite

Kampfakta

Raufoss - Hødd 2-0

Bane: Nammo stadion

Tilskodarar: 712

Gule kort: Anton Henningsson (Raufoss)Mål: 1-0 Emile Noe Dadjo (58), 2-0 Magnus Solum (67)