Det vart dramatisk på Høddvoll då Hødd tok tre nye og svært viktige poeng mot Mjøndalen. Straffescoring til heimelaget, to annullerte mål til bortelaget og ein keeper som var på ville vegar var berre nokre av ingrediensane. Men då dommaren bles av kampen etter godt og vel fem minutts tilleggstid kunne trenar Steinar Lein, samt tilskodarane på “Fort Høddvoll” puste letta ut for tre poeng som sender Hødd opp på ein 10.-plass.

- Det har blitt veldig bra her heime og det likar vi, slår Lein fast etter kampslutt. Med fem strake heimesigrar har det byrja å svinge av poengfangsten til Hødd. Men framleis berre på eige gras.

Då Hødd tapte borte mot Raufoss var det mange av laga rundt Hødd som plukka med seg poeng. No i midtveka har det snudd, og medan Hødd vann, var det berre Fredrikstad av dei næraste laga som fekk med seg poeng. Dermed klatra Hødd på tabellen og fekk litt meir pusterom ned til nedrykksstreken.

- Vi må vere på tå hev framleis, men det er klart at dette var ein svært viktig siger. Vi må nok opp på 35 poeng, og før denne kampen så ville eg vel sagt at vi ville trenge fire sigrar til. No fekk vi ein i dag og når vi veit kor vanskeleg det er å vinne kampar i Obos-ligaen så var det ekstra viktig.

Det skjedde mykje ute på bana undervegs i kampen, og det såg ut til at temperaturen også tidvis smitta over på dei to trenarane, som levde seg inn i det som skjedde ute på kunstgraset.

- Det er ein tett og jamn førsteomgang, men eg synest vi var gode. I den andre omgangen får Mjøndalen ha mykje ball og det er litt slik Obos-ligaen er. Og vi som trenarar får også litt høg puls og ikkje alt er heilt kontrollert. Det kan bli litt munnhuggeri, men etter kampen så tek vi kvarandre i handa og er ferdige med det, ler Lein som tydeleg var nøgd med at laget fekk sikra endå ein heimesiger.

Allereie sundag blir det ny kamp for Hødd, då borte mot Ullensaker/Kisa. Og no er det på tide at Hødd pyntar på bortestatistikken.