Laga:

Hødd: Jan-Lennart Urke – Dani Hatakka, Hugues Wembangomo, Steffen Moltu, Christoffer Aasbak – Joakim Wrele, Torbjørn Kallevåg, Fredrik Sjølstad – Didrik Sereba, Robin Shroot, Joachim Magnussen

Benk: Ole Monrad Alme, Jesper Törnqvist, Bendik Rise, Øystein Vestvatn, Martin Mork Breivik, Sondre Beite, Elias Flø

Mjøndalen: Sousha Makani, Ulrik Arneberg, Joachim Olsen Solberg, William Sælid Seli, Mads Andre Hansen – Amahl William Pellegrino, Christian Gauseth, Jonathan Lindseth, Lars Fuhre – Erik Midtgarden, Ousseynou Boye

Benk: Kristoffer Solberg, Michael Stilson, Mathias Fredriksen, Magnus Sylling Olsen, Thomas Sørum.

Det vart ei perfekt opning på heimekampen mot Mjøndalen for Hødd. Allereie før det var passert tre minutt hadde Robin Shroot sendt heimelaget i føringa. Joachim Magnussen var sterkast i ein hovudduell og heada ballen til Shroot som fekk stå heilt åleine i Mjøndalen-feltet. Der gjorde briten alt rett og sende ballen i mål til ei tidleg leiing for Hødd.

Duellsterke Mjøndalen satsa mykje på å skaffe seg dødballar i gode posisjonar i starten av kampen, men Hødd hadde stort sett bra kontroll. Bortelaget sin første halvsjanse kom etter nærare 17 minutt, då Jonathan Lindseth fekk sjansen til å skyte frå vel 20 meter, men avslutninga gjekk nokre meter over målet til Urke.

Avslutningar frå utanfor 16-meteren var oppskrifta Mjøndalen lukkast best med i første halvdelen av den første omgangen, men sjølv om Erik Midtgarden fekk til ei brukbar avslutning så gjekk også den litt over Hødd-målet.

Halvvegs ut i den første omgangen var keeper Makani midt ute på eigen halvdel for å prøve å ta ballen, men trefte berre Didrik Sereba og dermed gult kort, sjølv om mange på Høddvoll helst ville sett at keeperen fekk det raude. På frisparket var Makani meir patent, då han så vidt fekk tuppa ei heading frå Fredrik Sjølstad utanfor stolpen.

Amahl Pellegrino var nære ved å utlikne for Mjøndalen då han fekk sjansen til å skyte på bakre stolpe, men sjølv om Pellegrino var temmeleg upressa gjekk ballen over målet frå god posisjon.

Christoffer Aasbak testa keeper Makani med eit frispark frå om lag 30 meter, men sjølv om backen fekk godt med kraft i skotet så gjekk ballen midt på keeper og Makani hadde brukbar kontroll.

Like etter var Joachim Magnussen på farta, fekk ballen, heldt unna ein motstandar og sende i veg eit skot mot det lengste krysset, men halvannan meter over mål.

Men Hødd skulle få si andre scoring og igjen ved Robin Shroot. Didrik Sereba fekk ballen høgt i bana og storma mot Mjøndalen sin 16-meter der han vart møtt av Ulrik Arneberg, som stakk ut ein fot og felte Hødd-angriparen. Dermed peika dommaren på straffemerket, der Shroot var sikker som banken.

Mjøndalen trudde dei hadde redusert etter 41 minutt, men linjedommaren var tidleg oppe med flagget og vinka for offside. Men bortelaget skulle få scoring før pause. Hugues Wembangomo bomma fullstendig då han skulle rydde unna, og plutseleg fekk Lars Fuhre kome gjennom heilt åleine med Jan-Lennart Urke. Fuhre sette ballen til side for keeperen til 2-1.

Andre omgang:

Ulrik Arneberg fekk den første målsjansen i den andre omgangen då han heada over etter ein corner seks minutt ut i omgangen.

På jakt etter utlikning hadde Mjøndalen eit klart initiativ i opninga, og Hødd vart pressa bakover på bana.

Heimelaget fekk likevel til eit brukbart angrep etter 54 minutt. Hødd spelte seg fint framover på høgresida, og Sereba var nære ved å finne Magnussen med eit innlegg, før Sereba fekk blokkert ei avslutning i neste situasjon.

Etter 60 minutt hadde Mjøndalen hatt ballen tre gongar i nettet, men berre scoringa like før pause vart godkjent av dommarane.

I staden var Hødd uhyre nære ved å auke til 3-1, men avslutninga frå Sjølstad gjekk i tverrliggjaren og ut.

Joachim Magnussen var heller ikkje langt unna med ei heading etter frispark frå Aasbak eit par minutt seinare, men headinga gjekk nokre centimeter på feil side av stolpen.

Kvarteret før slutt fekk Hødd frispark like utanfor 16-meteren etter flott spel. Shroot vart felt, og etter to scoringar var han naturleg nok interessert i å prøve seg også på frispark. Men kanskje burde han ha latt nokon andre få sjansen, for forsøket både høgt og laust, og gjekk eit godt stykke over mål.

Mjøndalen pressa på for utlikning mot slutten, men det var langt mellom sjansane. Mest dramatisk vart det då Fredrik Sjølstad gjekk i bakken og vart liggande nede inne i Hødd-feltet, medan Mjøndalen gjekk i angrep. Midtbanespelaren fekk etter kvart behandling, men måtte byttast ut.

Med skaden vart det også ein del tillegg, og fleire nervøse minutt for tilskodarane på Høddvoll. Heile fem minutt la fjerdedommaren til, men Hødd klarte å halde ballen mykje inne på Mjøndalen sin halvdel, og dermed også unna sitt eige mål.

Mjøndalen prøvde å sette inn ein liten sluttspurt og sende alt dei hadde i angrep. Bortelaget fekk ein corner, men Hødd rydda unna og få ballen inn på motstandar sin halvdel. Mjøndalen fekk ein siste sjanse med frispark frå eigen halvdel, men igjen fekk Hødd vekk ballen, men berre så langt som til corner, og då kom også Mjøndalen-keeperen opp.

Jan-Lennart Urke boksa vekk innlegget og dermed kunne publikum endeleg puste letta ut, då dommaren bles av kampen med 2-1 til Hødd på resultattavla.

Før kampen:

Hødd har vunne dei fire siste kampane på heimebane, men med nytt bortetap mot Raufoss sist og framleis berre eitt bortepoeng på heile sesongen, må Hødd ta så mykje poeng som råd heime på Høddvoll. For medan Hødd reiste frå Raufoss utan poeng, plukka alle laga bak Hødd på tabellen med seg minimum eitt sist runde.

For Hødd sin del kjem neste kamp allereie torsdag, etter at seks av åtte kampar i runde 22 vart spelt onsdag. No ventar Mjøndalen.

Fire strake heime

I slutten av juni tapte Hødd 3–0 borte mot bruntrøyene, medan Mjøndalen slo Hødd ut av Cupen i laga sitt einaste oppgjer i 2015. Siste sigeren mot Mjøndalen kom tilbake i mai 2014. Enkelt blir det neppe denne gongen heller, for Mjøndalen har vore i svært bra form, og har berre tapt ein av sine ti siste kampar.

Hødd-trenar Steinar Lein fortel at Hødd ønskjer å halde fram på same måten som har sikra tre poeng mot mellom anna KBK og Levanger.

– Vi har fire strake sigrar heime og ønskjer å halde fram i same gata. Vi må vere like gode i dei ulike fasane av spelet. Det har vi vore dyktige på her heime og vi ønskjer ikkje å gjere noko anna no.

Og sjølv om Mjøndalen berre har tapt ein av sine ti siste kampar, så har Hødd teke fleire poeng etter at laga møttest på Isachsen Stadion i slutten av juni.

– No er det to lag i bra form som møtest, problemet vårt er at vi har hatt eit svært dårleg utgangspunkt. Men no viser vi stigning og har vore svært solide her heime, fortel Lein.

«Guffent» lag

Onsdag gjorde han og resten av støtteapparatet dei siste vurderingane før den viktige kampen, og trenaren legg ikkje skjul på at det truleg blir ein tøff kamp på Høddvoll.

– Det er eit «guffent» lag å møte. Dei er fysisk sterke og gode på dødballar, og det køyrer dei på med. Samstundes har vi slått to gode lag i KBK og Levanger og vi har alle moglegheiter før denne kampen, meiner Lein.

Vi er på plass på Høddvoll, og du kan følgje kampen på Vikebladet.no. Kampstart er 19.00.

Robin Shroot scora to mål i den første omgangen mot Mjøndalen. Her på straffe etter at Didrik Sereba vart felt på veg inn i 16-meteren.