Hareid må klare seg utan Ruben-Kenneth Brandal heile hausten, i tillegg til at både Jon André Thue og Ole André Kragset har gått til ÅVK, og Joar Møller og Hiwa Alipoor ikkje lenger er tilgjengelege. Når då Alexander Nevstad og Lars Roar Holstad må stå over grunna gule kort er det heilt klart at det er snakk om eit Hareid-lag med mange endringar frå vårsesongen.

Og Hareid har ikkje fått den beste starten på andre halvdel. Det har blitt to tap, men dei har kome mot sterk motstand i Langevåg og Skarbøvik. Torsdagens motstander har derimot kome svært godt igang, og har slått både Larsnes/Gursken og Langevåg. Men Valder har ikkje vore gode på bortebane denne sesongen. Fire poeng på framand gras har det blitt så langt for Valder. Det er like mykje som Hareid har sikra seg heime.

Hareid har også hatt eit bra tak på Valder i dei siste møta mellom laga. I 2015 vart det siger både heime og borte, og Hareid vann også 3-0 på Valdervoll tidlegare i år. Då scora Robin Jackson Indreflø to for Hareid, medan Ruben-Kenneth Brandal sikra det tredje.

Med åtte kampar igjen ligg Hareid på ein 6.-plass, poenget bak LGFK på 4.-plass. Men om Haried skal halde seg så høgt på tabellen utover i sesongen må laget hente med seg fleire poeng på heimebane. Og kanskje kjem årets andre heimesiger mot Valder, slik som den gjorde i fjor?