Hødd skriv fredag kveld på sine nettsider at danske Jeff Mensah er klar for klubben. Mensah har signert ei kontrakt som i første omgang strekkjer seg ut 2016-sesongen.

Mensah kjem frå Viborg FF som spelar i Superligaen i Danmark.

- Eg har fått eit utruleg godt inntrykk av denne plassen og den fantastiske naturen, og menneska i Hødd har teke imot meg på ein imponerande måte. Eg ser veldig fram til å få på meg Hødd-drakta, og vere med å bidra i ei viktig periode for klubben, seier Mensah ifølgje Hødd sine nettsider.

Mensah kan nyttast i fleire offensive posisjonar, og han kan også brukast som høgreback.