Hareid starta årets handballsesong i 5.-divisjon med heimekamp mot Tingvoll i Hareidhallen laurdag. Kampen var den første under nyetrenar Håvard Frotvedt, som har teke over laget denne sesongen.

Det var Tingvoll som tok leiinga i Hareidhallen, etter å ha fått straffe i sitt første angrep, men Hareid svarte kontant og sette 1-1 kort tid seinare. Også det på straffe.

I opninga på kampen handla mykje om to spelarar på Hareid. Oline Ertesvåg gjorde fleire redningar i mål, medan Andrea Fjeld Hansen tok ansvar framover i bana og scora Hareid sine tre første. Hareid skaffa seg tidleg ei tomålsluke og heldt på denne til det var spelt ti minutt, då Hareid leia 5-3, men derfrå auka dei på og ved pause var stillinga 13-7 til heimelaget.

Tungt siste femten

Med eit par kjappe scoringar etter kvilen også såg det ut til at det skulle gå vegen for Hareid-damene i serieopninga, men ei periode med for mange personlege feil på kort tid førte Tingvoll nærare, og med 20 minutt igjen på klokka var leiinga krympa til tre mål.

Tingvoll gjorde også grep for å stresse Hareid, og med frimerke, ført på Fjeld Hansen, og seinare på Iselin Klungsøyr mista Hareid rytmen i angrepsspelet.

I forsvar sleit Hareid med å få tak på Inger Helene Sira på Tingvoll, som vart kampens toppscorar med 11 mål, og med fleire tominuttarar etter pause klarte ikkje forsvaret å gje keeper like mykje hjelp som i den første omgangen, og dermed vart det også fleire baklengsmål.

Spesielt dei femten siste minutta trøbla Hareid, og vel fem minutt før slutt gjekk Tingvoll opp i leiinga for første gong sidan det første speleminuttet, og bortelaget såg seg ikkje tilbake. Ved full tid var stillinga 20-25, etter ein sterk snuoperasjon frå Tingvoll, men etter ein kamp der Hareid hadde alle moglegheiter til å skaffe seg to poeng allereie i serieopninga.

- Elendig coaching

Etter kampen var trenar Frotvedt klar på at det var hans disponeringar som førte til at det enda med tap.

- Jentene kjempar veldig bra og det er ingenting å utsette på dei. Eg synest kanskje at dommarane i litt for stor grad dømmer ein veg, og at vi får vel mange straffer mot oss, men det er elendig coaching frå meg på sidelinja når vi får frimerke mot oss. Då skulle vi svart med same mynt, slik at vi kunne bryte ned deira angrep på same måte som dei gjer med oss, seier Frotvedt, og seier at det er noko han vil ta lærdom av til seinare.

Trenaren rosar innsatsen til Hareid-spelarane, og meiner det var mykje positivt å ta med seg sjølv om det enda med tap i premieren.

- Vi var veldig gode i 45 minutt, og går jo til pause med seksmålsleiing. Det var veldig bra. Innsatsen var veldig god, og eg synest vi hadde fortjent siger i dag, men Tingvoll var best siste kvarteret, og om ein ikkje spelar handball i 60 minutt så vinn ein heller ikkje handballkampar.

Han trur Hareid må jobbe også litt med det mentale for å sikre at laget klarar å halde heilt inn.

- Det går ein del på det psykiske. Når ein har gått ein heil sesong utan å vinne, og så ligg ein an til å gjere det her, så knyter det seg litt. Når vi får frimerke på spelaren som er mest involvert offensivt så klarar vi ikkje å ta nok tak framover kollektivt.

Vil sette sitt spel

Med seriestarten unnagjort er det allereie ei pause før neste kamp for Hareid-damene, men då har Frotvedt tid til å sette meir av sitt preg på laget, og til å jobbe med det Hareid ikkje lukkast med sundag.

- Vi skal sette kollektivet, og eg har ein idé på korleis eg ønskjer vi skal spele handball, og den skal vi lære dei fullt ut. Det gjeld like mykje bakover på bana som framover, men det viktigaste blir å sette spelet vårt, at vi spelar på den måten vi ønskjer å spele på. At vi ikkje let motstandar kome hit og diktere korleis vi skal spele, seier Hareid-trenaren.

Kampfakta:

5.-divisjon handball kvinner

Hareid - Tingvoll 20 - 25 (13-7)

Hareidhallen

Dommarar: Petter Hjørungdal og Lars Lindblom

Tominuttarar: Hareid - 6, Tingvoll - 1

Hareid: Line Kvalsund Paulsen, Andrea Hasund, Sara Bigset (2), June Bergseth (4), Sunniva Liaset, Susanne Bigset (4), Iselin Klungsøyr, Andrea Fjeld Hansen (8), Maria Juul Hansen, Marte Giske, Martine Dyrhol Abrahamsen, Maria Slettebakk (1), Marte Rise (1), Oline Ertesvåg.