Det enda til slutt 0-2 mot Jerv på Høddvoll, i skjebnekamp 1 av 5. Hødd finn seg no i ein kritisk situasjon, der ein berre er poenget over Ullensaker/Kisa som ligg på nedrykk. Fire kampar gjenstår, tre av dei borte. Dette var det Hødd-kaptein Karl Joakim Wrele hadde å seie etter kampslutt:Først av alt, korleis vil du oppsummere tapet mot Jerv?- Det er ganske jamnt i byrjinga. Vi ser tendensar til å gjere det vi har snakka om. Så får vi ein mann mindre, og slepp inn eit mål like etter. Då vert det tøft, men vi er klare på at vi skal stå på, prøve å halde nullen i andre omgang og ta kontringane. Vi visste at kampen fortsatt var open, men så får Jerv 2-0, og då har dei full kontroll. Kva får dykk beskjed om i pausen? - Sidan vi var ein mann mindre, skulle vi legge oss i ein 4-4-1-formasjon, stenge sentralt og gå på kontringane. Vi var fullt samde om dette, hadde fullstendig tru på det, men så får dei 2-0, og det målet pregar diverre resten av kampen.No ventar tre bortekampar i innspurten, og tabellsituasjonen kan seiast å vere kritisk. Korleis vil dykk angripe dette?- Alt står på spel. Vi er skuffa, vi må sjå på vår eigen innsats, men i den situasjonen vi er i no så kan vi ikkje deppe. Vi må ta oss saman, og gjere alt vi kan.Kva er di beskjed til Hødd-folket framfor dei fire siste kampane?- Møt opp og støtt oss, ha tru på det vi prøvar på. Vi trur fullt og heilt på det vi driv med, og vi treng all hjelp vi kan få. Vi gjer vårt beste, og ser fram mot kampen neste veke. Vi skal slå tilbake!- Vi taper og vinn som eit lagDidrik Sereba vart bytta inn til den andre omgangen, og var eit friskt pust offensivt for Hødd, sjølv om han fekk særs dårlege arbeidsvilkår i eit Hødd-lag med ein mann mindre. - Vi er i den situasjonen vi er. Vi er sjølvsagt skuffa etter eit tap, men vi held saman og taper og vinn som eit lag. Det har vore eit utgangspunkt heile sesongen, og slik er det fortsatt, sa Sereba etter kampslutt.Med fire kampar att, der tre av dei er bortekampar, ville det passa bra om Hødd fekk sving på borteformen no, og det vil nok vere avgjerande for om Hødd spelar i Obos-ligaen eller 2.divisjon neste sesong.- Vi veit korleis vi har gjort det på bortebane før, men det gjer at vi berre har enda meir å vinne. Vi har heilt klart noko å bevise. Vi ser oss sjølv mykje høgare på tabellen enn der vi er no, og vi vil angripe innspurten med tanken om at vi har mykje å vinne, i staden for mykje å tape. Det er absolutt stor tru i laget på at vi skal snu dette, avslutta Sereba. Så får vi håpe at det snur for Hødd-laget. Neste helg ventar opprykksjagande Sandefjord på Komplett Arena.

Didrik Sereba kom inn for Sondre Beite i den andre omgangen, og leverte nokre fine offensive bidrag på høgresida. Foto: Andreas Bjerknes