- Det var passivt. Ein passiv start. Folk var nok litt nervøse.

Det seier Torbjørn Kallevåg etter at Hødd tapte 3-0 heime mot Strømmen sundag. Og at spelarane var nervøse før ein kamp som kunne få så stor betydning for Hødd kan ein forstå, men det var uansett skuffande det laget leverte ute på banen.

- Ja, eg får håpe det var nervøsiteten som gjorde det, at det ikkje var kvaliteten i laget det står på, seier ein skuffa Kallevåg.

Den første omgangen var sjansefattig begge vegar, men Strømmen scora. Det gjorde ikkje Hødd.

- Dei har ikkje så mange sjansar utanom scoringa, og det er keisamt når ikkje vi klarar å plukke opp i feltet når dei får corner. Men vi skal skape meir enn det vi gjer. Vi skapar ikkje nok sjansar i denne kampen.

I den siste halvdelen av førsteomgangen tok Hødd meir over banespelet, men sjansane lot vente på seg. Ofte grunna feil eller vanskelege val i dei avgjerande situasjonane.

- Vi får ikkje nok folk i boks og då blir det vanskeleg å vere presise nok også.

Eit av få lyspunkt for Hødd er at Ull/Kisa berre fekk med seg eitt poeng. På stillinga 2-1 til laget frå Jessheim var Hødd under streken, men ei sein scoring frå Mats Reginiussen heldt Hødd på rett side. Så vidt.

- Det var ei scoring frå himmelen den frå Reginiussen. No hadde det vore heilt rått om vi kunne vinne mot Sandnes Ulf, og det er håp. Vi veit at vi kan, og det hadde vore ein fin måte å ta sesongens første bortesiger. Men då vi må vere betre defensivt, vi må ta betre vare på ballen og vi må score på dei sjansane vi får, slår Kallevåg fast.