Hødd-rekruttane kjempar på mange frontar denne sesongen. Ikkje berre har dei kampar for Hødd 2 i 3.-divisjon, men denne sesongen har Hødd også lag i Regionalligaen for G19 lag. Ligaen vart starta opp denne sesongen, og har med fem andre lag; Molde, Rosenborg, Aalesund, Kristiansund og Levanger.

No nærmar det seg slutten på årets seriespel, og tyrsdag spelte Hødd sin nest-siste kamp for sesongen, heime mot Kristiansund BK.

Daniel Eid gav Hødd leiinga allereie etter 12 minutt, og heimelaget hadde eit bra tak i kampen i opninga, men det var bortelaget som utlikna på straffe like før halvtimen var passert. Hødd skulle likevel gå til pause med leiing, etter scoring frå Håkon Botn Brautaset fem minutt før kvilen.

Etter pause tok det berre to minutt før Hødd auka leiinga. Då var det Isak Haanes som stod for scoringa. Kvarteret før slutt auka Isak Skotheim til 4-1, før Isak Haanes sette sett andre og Hødd sitt femte for kvelden på overtid.

Dermed ein solid 5-1 siger til Hødd, som ligg på ein tredjeplass i Regionalligaen før siste serierunde. Der møter dei Molde som toppar tabellen. Kampen går på Høddvoll laurdag.

Rosenborg ligg på andreplass før siste serierunde, og møter Aalesund på SalMar-Banen Laurdag.

Hødd - Kristiansund 5 - 1 (2-1)

Høddvoll

Dommar: Mathias Smehus Kringstad, Valder IL

Gule kort: Johannes Sundgot, Bastian Rasmussen, Isak Haanes

Mål: 1-0 Daniel Eid (12), 1-1 Grønset (29), 2-1 Håkon Botn Brautaset (40), 3-1 Isak Haanes (47), 4-1 Isak Skotheim (75), 5-1 Isak Haanes (90)

Regionalligaen:

1. Molde - 25p

2. RBK - 24p

3. Hødd - 23p

4. Aalesund - 21p

5. KBK - 14p

6. Levanger - 11p