Hødd står utan hovudtrenar før 2017-sesongen, og onsdag vart det klart at Steinar Lein reiser heim til Haugesund etter denne sesongen. Dermed står vi framleis att med fleire spørsmål enn svar når det gjeld trenarsituasjonen i Hødd.

Sist veke sa sportssjef André Nevstad i Hødd at ein håpa på å ha klar trenarkabalen i første halvdel av denne veka, men så langt har det berre gått folk ut, ingen inn.

Amund Skiri har vore lenka til Hødd-jobben i lengre tid, etter at han tidlegare i år sa nei til å halde fram som trenar i Herd. Det har også gått rykter om at Sindre Eid kan vere på veg inn att i hovudtrenarrolla. Eid sa nei til ny hovudtrenarkontrakt etter 2015-sesongen, der Hødd tok 4.-plassen i Obosligaen. Det siste året har Eid vore kombinert marknadssjef og rekrutt-trenar i Hødd.

Men kjelder Vikebladet Vestposten har vore i kontakt med meiner at Arild Sundgot godt kan vere mannen som tek over Hødd-skuta. Sundgot har også tidlegare vore kopla til ulike roller i Hødd, men utan at det har blitt noko av. Er tida no inne for ein retur til Høddvoll?

I byrjinga av 2017 vil det vere 20 år sidan Arild Sundgot gjekk frå Hødd til Lillestrøm, der han har vore sidan. Der er han ein av dei største spelarane gjennom tidene, med flest scoringar og nest-flest kampar for klubben. Dei siste åra har han vore knytt til LSK som trenar.

Kan Arild Sundgot vere mannen som tek over som hovudtrenar i Hødd? Foto: Frå arkivet.