Denne helga arrangerer Dimna IL ope KM i friidrett i Ulsteinhallen. Meir enn 250 deltakarar frå både Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Trøndelag er på plass, og det blir levert mykje flott friidrett.

Det er framleis svært tidleg i sesongen og for ein del av utøvarane er det eit stykke fram til toppforma.

Jonas André Ose såg likevel ut til å ha bygd vidare på den flotte forma han avslutta fjoråret med. Han vart kretsmeister både i lengde og på 200 meter laurdag. I lengde hoppa Ose fire hopp over 5.55, med det beste for dagen på 5,70 - noko som gir 910 Tyrvingpoeng. Endå betre gjekk det på 200 meter, der den offisielle tida enda på 23,37. Det er ei forbetring av hans personlege rekord frå desember med om lag 4/10. Løpet gav 1053 poeng på Tyrvingtabellen.

Kevin Olai Svarstad Wingsternes deltok for første gong i Dimna-drakt etter overgangen frå Hareid. På 200 meter vart det ein andreplass på 200 meter med tida 25,27. Her var det Harald Lund Johansen frå Sunndal IL som vann.

Sture Måseide frå Dimna IL vart kretsmester på 200 meter i G17-klassa etter eit løp på 24,92 - noko som gir 836 Tyrvingpoeng.

Edvard Roppen tok gull i høgde med eit hopp på 1,40 og i stavkonkurransen med 2 meter. I tilegg blei det medaljer både i lengde utan tilløp, lengde og 60 meter. På sistnemnte øvinga var det Gabriel Overvåg frå Dimna IL som vann med tida 8,48.

Fride Møller Flatin sesongopna innandørs med 3000 meter kappgang i Ulsteinhallen laurdag og gjekk inn til tida 16.43,60. Kappgjengaren trenar hovudsakleg mot lengre distansar.

Ei som er ny i Dimna-drakta er Oda Reite. Ho vart kretsmester på 200 meter i J18/19-klassa med eit løp på 28,21.

I J17-klassa imponerte Johanne Rise Kvalen med 5,29 meter i lengdegropa, noko som gav kretsmestermedalje og 945 Tyrvingpoeng.

Serine Ringstad frå Dimna IL tok sølv i lengde med eit hopp på 4,68. Det blei også sølv på 200 meter med 28,08. Iselin Chemmai Sundgot vann 800 meter i same aldersklasse med tida 2.39,23.

I 15-årsklassa gjorde Anna Kleven som ho ville både på 200 meter og i lengdekonkurransen. På 200 meter vann ho med tida 26,67 (908 Tyrvingpoeng) medan ho tok gull i lengde med eit hopp på 4,99. Her tok Kornelia Roppen bronse med 4,71. Roppen tok sølvet på 200 meter og bronse på 60 meter hekk.

Sjå alle resultata frå KM her