Hareid IL Fotball skriv på sine nettsider at den mangeårige keeperen Vagn Scheide Mork no formelt er ny keepertrenar i klubben.

Dei skriv også at han i utgangspunktet skulle ha eit friår frå fotballen. Vagn Scheide Mork er den spelaren på Hareid som har spelt flest A-kampar for klubben, men har også hatt roller i trenarapparatet rundt klubben og i sportsleg utval. Sist sesong var han hovudtrenar saman med Einar Magne Skeide.

Framover skal keeperveteranen vere med rundt keeperane til A-laget minst ein gong i veka, samt ha eigne treningar for dei yngre keeperane i fotballgruppa, skriv Hareid IL på sine nettsider.