Olger Pedersen tok kommandoen frå start i sesongens fjerde og siste løp i Vinterkarusellen. På Bigset hadde han allereie opparbeidd seg ei luke ned til nestemann på om lag eit minutt, og Pedersen heldt høg fart gjennom heile løpet.

Etter at Ådne Andersen vann det første løpet i årets vinterkarusell, har ingen klart å stoppe Pedersen i dei to neste. I desember sprang han inn på 26.51, berre 17 sekund bak ei plassering på Topp 20-lista gjennom tidene.

Men laurdag skulle det gå endå fortare. I lav vintersol, temperatur rundt 0 grader og vindstille fekk løparane svært fine forhold på turen rundt Grimstadvatnet. For Pedersen sin del enda det med ei forbetring av sin eigen personlege rekord med heile 41 sekund! 26.10 vart han klokka inn til, og dermed sprang han seg også heilt opp på ein 14.-plass på Topp 20 lista.

- I dag var det perfekte forhold. Det kan nesten ikkje bli betre i februar, seier Pedersen. Han var naturleg nok svært nøgd med den solide forbetringa av hans personlege rekord. No blir neste mål å kome under 26 minutt.

Men før han får sjansen til det, skal Pedersen til Frankrike for å springe Paris Maraton.

- Det går i påska og no har eg trent ein del retta mot det, mellom anna med litt meir fartstrening. Dermed har eg også kome litt tidlegare i form denne sesongen, men eg har også trent såpass mykje denne veka at eg vart litt overraska over at det gjekk så fort, seier Pedersen.

Fullstendig resultatliste blir publisert seinare.