Det er om lag to veker til det brakar laust med innandørs-EM i friidrett i Beograd. Det endelege uttaket til dette meisterskapet blir ifølgje Friidrett.no gjort i slutten av februar, men det er allereie klart at EM går utan Karsten Warholm.

Og det er ikkje manglande form som gjer at Warholm droppar turen til Beograd. Under NM i Ulsteinhallen imponerte han stort med norsk rekord på 400 meter. Distansen han eventuelt ville konkurrert på under EM. Helga etterpå tangerte han verdsrekorden på 300 meter hekk, og viste at alt tyder på at Warholm går mot ein spanande sesong.

Med så gode innandørsresultat kunne ein også tenkje at det ville vere aktuelt med EM-deltaking, men Karsten Warholm seier til Vikebladet Vestposten at han har konkludert og at det ikkje blir EM denne gongen.

- Grunnen er at eg har fått dei svara eg treng på innandørsstemna, og no har eg begynt å jobbe mot sommarsesongen, fortel han.

Det gjorde Warholm også i 2016, då han droppa innandørs-VM til fordel for ei god treningsperiode. Og det er vanskeleg å seie noko på den prioriteringa etter dei fantastiske prestasjonane stortalentet leverte under EM og OL seinare same år.

For det er ingen tvil om at det er utandørssesongen som er den viktigaste, og som i 2016 er det også nokre solide høgdepunkt å jobbe mot for Warholm. 13. til 16. juli er det U23 EM i Bydgoszcz i Polen. Der kan Dimna-utøvaren vere ein av dei store medaljefavorittane på 400 meter hekk. Og berre eit par veker seinare kjem det som truleg er årets store mål med friidretts-VM på Olympiastadion i London.

Det er med andre ord mykje å sjå fram til.