Det nye styret i Hødd ser dermed slik ut: Einar Warholm (Leiar), Håvard Haanes (nestleiar – fotball), Jarl Martin Møller (handball), Ann-Kristin Eiken (turn), Lindor Skeide (trim).

Hødd Fotball

Fotballen budsjetterte med eit underskot på ein halv million kroner i 2016. Det vart då budsjettert med fornya kontrakt i OBOS-ligaen og avansement til 4. runde i NM. Skuffande resultat i cupen, sparkinga av Hans-Erik Eriksen, og ikkje minst nedrykket, er hovudårsakene til eit større underskot.

Undervegs i sesongen har leiinga levert prognosar og informert styret om situasjonen. I oktober vart det lagt fram ei prognose på rundt 1,5 millionar i underskot. Det blei då framleis budsjettert med at Hødd skulle halde seg i OBOS-ligaen. Dette klarte dei ikkje, noko som «kosta» klubben om lag 250.000 kroner.

Sjølv om eit underskot på 1.8 millionar høyrest mykje ut, må ein sjå det i samanheng med det som har skjedd dei siste åra. Hødd skreiv inntektene på spelarsalet av Fredrik Aursnes på 2016-rekneskapen. Dette ville ikkje revisor gå med på, og inntektene hamna dermed på 2015-rekneskapen. Difor gjekk Hødd fotball heile 2,3 millionar kroner i pluss i 2015.

Samla sett har Hødd fotball eit overskot på om lag 500.000 kroner, om ein ser 2015 og 2016 under eitt. Med ein eigenkapital på 8.7 millionar kroner, er det langt frå krisestemning i Hødd-leiren.

Hødd Handball

Handballen enda med eit særs godt resultat i 2016, med eit overskot på 460.000kr. Halvparten av overskotet kjem frå Ulstein Cup (firenasjonarsturneringa).

Klubben arbeider med fleire prosjekt, blant anna klubbutviklingsprosjektet, utdanning av trenarar og utvida tilbod til den einskilde spelar. Målsetjinga for 2017 er ei sterkare satsing på trenargjerninga, handballskule og velfungerande arrangement i klubben sin regi.

Hødd Turn

Turngruppa har snudd underskot i 2015 (-5000kr) til overskot i 2016 (+36.000kr).

Dei sportslege resultata har vore betre enn nokon gong, dette gjeld både turn kvinner, turn menn og RG. Turngruppa har eliteutøvarar på landslag og på utviklingslandslag.

Heile 300 av dei 350 medlemmane er utøvarar, av desse er 70 gutar.

Turngruppa budsjetterer med eit overskot på om lag 200.000 kroner for 2017.

Hødd Trim

Trimgruppa har vore involverte i Tufteparken i Bugarden og ikkje minst i bygging av turvegar i Skeide utmark. Turvegen til Lisjevatnet har vorte forlenga til Mosvatnet og i «Mørdarbakken» har kommunen fått på plass kvilebenkar av god kvalitet i samarbeid med Trimgruppa.

Rekneskapen for 2016 viser det at Hødd Trim, i likskap med Hødd Fotball, har eit negativt resultat. Trimgruppa enda med eit underskot på 730 kroner, truleg grunna innkjøp av pokalar, ifølgje styreleiar i Hødd IL, Einar Warholm.