Laurdag fekk Badr Rahhaoui 45 minutt for Hødd i 2-1 sigeren over Træff, og angriparen blir også med Hødd til bortekampen mot Sogndal tysdag kveld.

Les også: På prøvespel i Hødd

Men Rahhaoui er ikkje den einaste som skal vise seg fram i Hødd-drakta tysdag. Med i troppen er også Fitim Kastrati, som tidlegare har spelt i klubbar som Vålerenga, Hønefoss og sist i Bryne.

Den 22 år gamle midtbanespelaren debuterte for Vålerenga tilbake i 2013 og har spelt sju kampar i Tippeligaen. I 2015 blei det 11 kampar i Obosligaen for Hønefoss, medan han var involvert i 21 kampar for Bryne i Obosligaen sist sesong. Fitim er den yngre broren til Flamur Kastrati, som mellom anna var innom AaFK sist sesong.

Til kampen mot Sogndal er Vegard Heltne utilgjengeleg for Hødd, medan Sondre Beite er usikker. Heltne har slite med krampe i eine leggen, medan Beite har vore sjuk.

Også Robin Shroot var usikker før Hødd si måndagstrening, og han skulle etter planen vurderast under treninga for å sjå om han kunne vere aktuell til Sogndal-kampen. Shroot har ikkje spelt i Hødd sine to siste kampar.

Hødd-trenar Sindre Eid ventar ein tøff kamp mot Eliteserielaget, men kan gle seg over ein Hødd-tropp der dei fleste av spelarane no er tilgjengelege.