EM-kvalifisering: Elias Flø er i den norske G17-landslagstroppen som denne veka kjempar for plass i EM-sluttspelet i Kroatia frå 3. til 19. mai. Tysdag opnar det norske laget med kamp mot Russland, før Israel og Ungarn ventar seinare i veka. Arkivfoto: Hødd
(Foto: Hødd)

EM-kvalifisering: Elias Flø er i den norske G17-landslagstroppen som denne veka kjempar for plass i EM-sluttspelet i Kroatia frå 3. til 19. mai. Tysdag opnar det norske laget med kamp mot Russland, før Israel og Ungarn ventar seinare i veka. Arkivfoto: Hødd Foto: Hødd

Møter Russland i første test

Dei komande dagane skal Elias Flø og det norske G17-landslaget kjempe om plass i EM-sluttspelet.

Tysdag 21. mars går det norske G17-laget sin første av tre kampar i eliterunden i EM-kvalifiseringa av stabelen. Laget skal spele tre kampar i løpet av fem dagar og det heile opnar mot Russland.

I Norge si gruppe finn ein også Israel og vertane Ungarn.

Hødd-spelaren Elias Flø har spelt på det norske G16 og no G17-landslaget sidan sommaren 2016, og er med i troppen til dei tre kampane i Ungarn.

Truleg er det dei to første kampane i kvalifiseringa, mot Russland og Israel som blir avgjerande for om det norske laget kan ta seg til EM-sluttspelet i Kroatia seinare i vår.

- Ungarn er kanskje eit hakk bak dei to andre. Det blir tre jamne kampar og det gjeld å ha matchvinnarar i begge endar for å hevde seg her, seier landslagstrenar Erland Johnsen til fotballforbundet sine nettsider.

Torsdag møter Norge Israel, før Ungarn er siste kamp komande laurdag. Gruppevinnarane og dei sju beste gruppetoarane går til sluttspelet.

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 
Blir lest no
 

Eigedomstransaksjonar

Desse vart selde i februar

Herøy trekk opp snittet på ytre Søre.

Her er dei dyraste eigedomane i 2016

Nedgang i talet på eigedomar som gjekk for meir enn 4 millionar kroner frå 2015 til 2016.

Sjå kvar det er flest fritidseigedomar

I løpet av dei fem siste åra har 365 fritidseigedomar skifta eigar.

Lagar felles kystsoneplan

Fem kommunar har gått saman.

Roar Brekke på Sans Pub:

Latterbrøl i vente

I morgon, laurdag showar standupkomikaren Roar Brekke på Sans, Hareid.

Døypte den første Maersk-båten

Peter Jacobsen i Maersk rosa det gode samarbeidet som er mellom Kleven og Maersk.

Kan ikkje kjøpe, men leige

Ulstein kommune kan likevel ikkje kjøpe parkeringsplassar i parkeringsanlegg av Rome AS.

Badr Rahhaoui er klar for Hødd

19-åringen har signert for dei blåkvite.

Offshore er ikkje lenger størst

Tradisjonell shipping er no større enn offshore. Det viser tal frå Rederiforbundet sin årvisse konjunkturrapport.

Nærmar seg Hødd

Angripar kan bli klar innan kort tid, og kanskje er fleire aktuelle til laurdagens treningskamp mot Førde.

Markert nedgang i februar

I februar fekk Nav varsel om 1.450 moglege oppseiingar og permitteringar. Det er det lågaste talet sidan desember 2014.

Sogndal filmfestival:

«The Letter» vann fire prisar

Heile fire prisar kunne regissør Simon Gjerde Tonev og dei andre aktørane som har laga filmen «The Letter» ta med seg heim frå Sogndal.

Kort innhopp i 3-0 siger

G17-landslaget tok eit langt steg mot EM-sluttspel.