Det norske G17-landslaget er for tida i Ungarn, der dei spelar i eliterunden i EM-kvalifiseringa. Der kjempar dei om å nå EM-sluttspelet i Kroatia, som blir spelt i mai.

I laget sin første kamp enda det 2–2 mot Russland, etter at det norske laget hadde 2–0 leiing midt i den andre omgangen.

Dermed var torsdagens kamp mot Israel svært viktig. Det er berre gruppevinnarane og dei sju beste toarane som tek seg til sluttspelet.

Og mot eit israelsk lag som hadde vunne sin første kamp (1-0 mot Ungarn) var det Norge som var klart best. To mål frå Erling Braut Håland, samt straffescoring frå Emil Kalsaas sikra ein solid siger for det norske laget. Hødd-spelaren Elias Flø fekk ikkje sjansen mot Russland i første oppgjer, men fekk nokre minutt som innbytar på tampen av Israel-kampen.

Sundag møter det norske laget Ungarn. Dei slo noko overraskande Russland 2-1, noko som betyr at Norge toppar gruppa med fire poeng før dei siste kampane. Både siger og uavgjort vil laget vere klare for EM-sluttspel, men Norge kan også gå vidare med tap. Då vil dei vere avhengige av resultatet i kampen mellom Israel og Russland.