Hødd lada opp til seriestarten i PostNord-ligaen med generalprøve mot divisjonskollega HamKam heime på Høddvoll. Laget frå Hamar skal spele i den andre avdelinga i divisjonen, og er blant favorittane til opprykk derfrå. Laget stod faktisk med 22 kampar på rad utan tap før kampen mot Hødd. Dermed var det ein solid test for dei blåkvite halvanna veke før seriestart.

Og det var HamKam som starta best på Høddvoll. Dei første par minutta fekk ikkje Hødd låne ballen, men laget kom snart til hektene og det heile jamna seg ut.

Hødd gjekk også opp i leiinga etter 15 minutt, men det kom ut av ingenting. Laget fekk frispark ute ved sidelinja, der Torbjørn Kallevåg stilte seg opp for å ta det. Ballen gjekk i ein høg boge, men med mykje skru, som sette keeper heilt ut av spel og ballen spratt inn i nettet til 1-0.

Målet såg ut til å gje Hødd trua på eige spel, og laget leverte nokre svært fine angrep, mellom anna då ein lang ball vart slått opp mot Sondre Beite på høgrekanten. Kantspelaren tok med seg ballen med eit nydeleg touch, spurta mot linja og la ut til Badr Rahhaoui, som dessverre for Hødd ikkje fekk styrt ballen i mål.

I staden var det HamKam som utlikna, og som på Hødd si scoring må nok også denne karakteriserast som unødvendig. Martin Mork Breivik vart meir oppteken av mann enn ball og gav vekk straffespark, som Truls Hagen sette sikkert i mål.

Hødd var nære ved å gå til pause i leiinga, då Steffen Moltu heada over frå fem meters hald etter ein corner. I staden var laga likt etter den første omgangen.

I byrjinga av den andre var det bortelaget som igjen fekk den beste opninga, og som skapte nokre store sjansar, men utan å utnytte overtaket til scoring.

I staden heldt Hødd på å ta tilbake leiinga. Bendik Rise slo eit godt frispark inn i feltet, og der var Jesper Törnqvist sterkast, men headinga frå stopparen gjekk like på utsida av stolpen. Dermed var laga framleis likt då ein passerte timen på Høddvoll.

Dei siste 20 minutta fekk ein også eit første glimt av Amani Mbedule som er på lån frå Sarpsborg 08. Han kom inn for Sondre Beite, medan Magnus Myklebust kom inn for Didrik Sereba.

I denne perioden tok Hødd over meir av spelet på Høddvoll, men utan å skape dei store sjansane. Torbjørn Kallevåg hadde eit brukbart forsøk etter 76 minutt, men ballen gjekk via ein forsvarar og det tok av nok fart til at det vart enkelt for HamKam sin keeper å plukke ballen.

HamKam gjekk nesten rett i angrep. Hødd fekk ikkje rydda unna ballen, og Ivar Rønning kom til avslutning. Den gjekk via stolpen og sneik seg inn bak Jan-Lennart Urke til 2-1.

Bendik Rise fekk ein sjanse til å utlikne for Hødd då han førte oppover banen med eit par minutt igjen på klokka, men avslutninga frå midtbanespelaren gjekk eit lite stykke til side for mål. Hødd kom endå nærare kort tid seinare, då Preben Sætre vart spelt fri på høgresida og slo ballen via ein spelar slik at keeper berre så vidt fekk avverga til corner.

Så såg det ut til at Amani Mbedule skulle få ein draumedebut. Eit innlegg frå venstre gjekk gjennom heile feltet, der Mbedule dukka opp og fekk hovudet på ballen, men den gjekk via stolpen og ut, og dermed såg det ut til at bortelaget skulle gå sigrande ut av kampen.

Hødd pressa på det dei kunne mot slutten og kjempa til seg fleire cornerar. Dessverre for dei blåkvite fekk dei ikkje noko utav desse, og det enda dermed med 2-1 tap i generalprøva.