Det vart ein annleis inngang til 2017-sesongen enn både Henrik og Andreas Breimyr såg føre seg. Like før overgangsvindauget i norsk fotball stengde stod begge utan klubb, men halvanna veke seinare har begge funne seg godt til rette i Hødd.

– Vi kom torsdag ettermiddag, og fekk signert kontrakten seint på kvelden. Neste morgon var det opp halv fire for å reise til flyplassen, fortel Henrik Breimyr.

Derfrå gjekk turen til England og Luton, der resten av Hødd-troppen var på treningsleir.

– Det var kanskje den beste starten vi kunne fått, for å kome seg skikkeleg inn i gjengen og få nokre skikkeleg gode treningsøkter med laget. Det var ein draumestart, seier Andreas Breimyr.

Men det korte treningsopphaldet i Luton var på ingen måte brørne sitt første møte med England.

– På grunn av jobben til pappa så flytta vi over dit rett før eg var fire, og Andreas var eitt. Vi gjekk på skule der og enda opp i akademisystemet då det viste seg at vi hadde litt talent.

Lærerik tid

Talentet førte begge to til klubbar som Fulham og Reading, og gav dei unge fotballspelarane erfaringar som få andre norske unggutar kan vise til.

– Det var veldig nyttig, for du lærer veldig fort å spele med press. Frå eg var ni år gamal så spelte eg på eittårskontraktar. Var du ikkje god nok, så vart du hiven ut. Det opplevde eg både som 14 og 16-åring, og fekk beskjed om at eg aldri kom til å bli god nok. Begge gongane var det fordi eg var for liten, seier Henrik som i dag er 1,87.

– Presset har gjort meg hard i hovudet, og eg trur eg klarar å prestere på eit ganske stabilt nivå fordi eg er god på å handtere press. Eg går på banen for å vere best mogleg, ikkje for å unngå å gjere feil, legg han til.

Etter om lag 15 år i England gjekk turen tilbake til heimlandet. Henrik spelte på aldersbestemte landslag og vart interessant for Eliteserieklubben Viking. Det var også like før Andreas skulle starte på vidaregåande, og det passa derfor godt for familien Breimyr å vende tilbake til Norge.

– Det er litt lettare på norsk vidaregåande enn på engelsk. Litt meir avslappa, smiler yngstebroren.

Begge to enda i Viking, før Bryne vart neste stoppestad.

– Henrik gjekk først, og så tok det ikkje så mange månadane før eg fekk tilbod om å kome etter.

Men gutane var ikkje heilt ferdige med England. Hovudspeidaren til Crystal Palace kjende til Henrik Breimyr frå tidlegare, og han vart invitert over for å trene med klubben.

– Sesongen i Norge var ferdig, og eg spurte om ikkje Andreas også kunne vere med.

– Eg blei berre med, skyt Andreas inn.

– Og så enda det med at det var han dei ville ha. Eg fekk også OK tilbakemeldingar, men var 21 då og det var litt uaktuelt å gå inn i U23-troppen, seier Henrik.

Trente med stjernene

For den yngste av dei to vart dette opphaldet i England ei svært lærerik oppleving.

– Eg angrar ikkje. Ein kan ikkje klage når ein ofte får trene saman med eit A-lag som spelar i Premier League og får spele saman med internasjonale spelarar som Yohan Cabaye.

Dessverre sette skadar ein stoppar for Andreas, som var ute i åtte-ni månadar, og som ikkje fekk A-kontrakt med klubben då han var tilbake frå skadetrøbbelet.

I mellomtida hadde Henrik gått til Eliteseriespel for Start, og seinare til Sandnes Ulf i Obosligaen.

– Begge hadde nok likevel kome til eit punkt der karrieren har stoppa litt opp. For meg gjekk eg frå å vere fast i Obosligaen, gå til Start og starte alle kampane i Tippeligaen til å ikkje spele i det heile etter at det kom ny trenar, medan Andreas var mykje ute med skadar og berre har spelt fire kampar på halvanna år. Begge treng å få bygge oss opp igjen, og for min eigen del få vist at eg ikkje er noko dårlegare sjølv om eg ikkje fekk spele i fjor.

Men mangel på førstelagsfotball hadde hatt konsekvensar, noko Henrik Breimyr fekk merke då han sa nei til ny kontrakt med Sandnes Ulf før 2017-sesongen.

– Då fekk eg sjå kor mykje verdien min hadde søkke fordi eg ikkje hadde spelt. Det verka som at alle tok det for gitt at eg måtte vere elendig fordi eg ikkje hadde spelt. Det verka som om det hadde vore betre om eg spelte alle kampane, men faktisk vore elendig.

Også Andreas opplevde motgang i 2016. Etter å ha blitt signert på amatørkontrakt i Viking, fordi klubben ikkje hadde råd til å betale løn, var tilbakemeldingane likevel at trenarane ønskte han i klubben.

– Dessverre fekk eg ei rift i akillesen på trening og var ute i fire månadar, og då eg kom tilbake fekk eg høyre at styret takka nei til meg. Dei ville ikkje bruke dei få midlane dei hadde på ein ung spelar som meg. Det er jo synd, for det får meg til å sjå ut som han som ikkje var god nok i Viking, men som ikkje stemmer om ein snakkar med trenarane.

For eldstemann var dette ein ny situasjon, og noko som gjer at han gler seg ekstra mykje til å kome på banen for Hødd. Der vil han vise at han framleis har kvalitetane som har gitt han over hundre kampar i Obosligaen og Eliteserien.

Hadde tilbod frå Island

Andreas Breimyr trente med Hødd tidlegare i vinter, og det var dermed ikkje heilt overraskande at han enda opp i klubben. Men at broren også vart signert same dag kom ut av det blå.

– Han fortalde meg at dei dreiv å maste om ikkje eg og ville kome, seier Henrik.

– Det var litt mas om Henrik ei stund ja, ler Andreas.

Men på det tidspunktet var eldstemann nære ved å signere for ein toppserieklubb på Island.

– Alt peika på at det skulle gå i orden, men sist onsdag kom beskjeden om at dei måtte ha ein kantspelar, ikkje midtbanespelar. Då var det to dagar igjen av overgangsvindauget.

Håpar på mykje speletid

Men med ein bror på veg til Hødd fanst det også løysingar for Henrik, som dei to forklarar nærast i munnen på kvarandre.

– Andreas hadde heile tida snakka veldig varmt om Hødd.

– Eg klarte å overtale han, skyt Andreas inn.

– Eg fekk også eit nytt tilbod frå ein anna islandsk klubb, men det var på ein liten plass, to timar vekk frå alt anna og eg måtte bu saman med tre andre, seier Henrik.

– Då var det betre å bli med broren til Ulsteinvik, slår Andreas fast.

Begge to har lagt bak seg ein sesong der det av ulike årsaker blei lite speletid. Det håpar både Andreas og Henrik å gjere noko med så snart som råd.

– No håpar eg å få spele mest mogleg, slik at eg kan halde fram utviklinga mi og hjelpe Hødd til å verte så gode som råd, seier Andreas.

Etter ein vinter der det meste har vore usikkert ser dei fram til å fokusere på fotballen.

– Det har vore hardt i vinter. Vi har vore heime og trent saman, vore på treningssenteret om morgonen og trent fotball om kvelden. Der har vi gjort ein god jobb, men eg heldt på å bli galen av alt som har vore så usikkert, fortel Henrik.

– Du kan berre tenke deg det stresset, med ei mor som er svært emosjonell når det gjeld fotball, og det ikkje skjer noko i fotballkarrieren din. Sånn sett var det ekstra godt å kome på plass i Hødd, seier Andreas.

Andreas: Etter å ha prøvespelt for Crystal Palace saman med broren vart Andreas Breimyr henta til klubben som 18-åring. Dessverre øydela skadar mykje av opphaldet i den engelske klubben. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes
Henrik: 23-åringen Henrik Breimyr har over 100 kampar i Obosligaen, samt kampar i Eliteserien for både Viking og Start. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes