Tysdag kveld gjorde Hareid unna sin siste treningskamp før seriestarten i 4.-divisjon komande veke. Motstandar var divisjonskollega Larsnes/Gursken, som mellom anna har slått Hødd 2 tidlegare i oppkøyringa. Hareid tapte 2-0 mot same lag sist veke.

Det var også LGFK som tok tak i kampen i opninga, og som styrte mykje av banespelet, men utan å kome til særlege sjansar.

Sjansane var det få av frå begge lag, men Hareid kom meir inn i kampen etter kvart og hadde nokre brukbare tilløp etter å ha kome rundt på kantane, men utan at det vart utteljing.

Hareid si største moglegheit i den første omgangen kom på ein corner, der Håvard Mork Breivik heada over, og kort tid seinare kom bortelaget sin beste sjanse før pause, men skotet frå om lag 15 meter gjekk rett på keeper Sigve Overå Hide.

Etter pause kom den tidlegare Hødd-spelaren Emil Viddal inn på midtbanen for Hareid, og frå start i den andre omgangen var det heimelaget som tok over føringa i kampen.

I opninga skapte Hareid ei rekkje nestenmoglegheiter og nokre brukbare sjansar, men utan at Olav Rekdal vart sett på dei store prøvene i LGFK-målet. Og medan Hareid kom nærare og nærare tok det si tid før bortelaget fekk nytt å melde om på sjansestatistikken. Først etter 69 minutt kom den første brukbare moglegheita til bortelaget i den andre omgangen, då det vart farleg etter ein godt slått corner, men Hareid fekk rydda unna.

Mål blei det ikkje på nokon av laga, ikkje før ein var på veg til å bikke inn i overtida. Minuttet før full tid fekk Hareid corner og i feltet var det ingen som kunne ta hand om Simon Holstad Grimstad. Han gjekk til vers og stanga inn 1-0.

Men gleda vart kortvarig for Hareid. LGFK gjekk rett i angrep og utlikna nærast før Hareid var ferdige med å juble over scoringa.

1-1 ville i utgangspunktet vore eit greit resultat, med LGFK hakket betre i den første omgangen, og med Hareid som det førande laget etter pause. Kampar er likevel ikkje over før dommaren bles av, og i denne treningskampen skjedde det aller meste heilt på slutten.

For etter at LGFK hadde utlikna kjempa Hareid seg til eit nytt hjørnespark. Også denne gongen var det godt slått og igjen var det Simon Holstad Grimstad som regjerte i luftromet. Han sette inn sitt andre mål på få minutt og sikra dermed siger til Hareid i generalprøven.

Hareid - Larsnes/Gursken FK 2 - 1 (0-0)

Hareidsmyrane

Hareid: Sigve Overå Hide - Gustav Bjørlykke, Håvard Mork Breivik, Simon Holstad Grimstad, Nauris Driksna - Runar Stranden, Torgeir Skeide, Ruben-Kenneth Brandal, Sondre Hasund, Venthan Ketheeswaran - Fredrik Andresen.

Innbytarar: Emil Viddal, Nikolay Sundgot, Rikard Osnes, Henrik Holstad, Håvard Bjåstad, Tarje Dimmen Riise